Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fredag 3. mai 10:30 - Fredag 3. mai 15:00

Ålesund, Sunnmøre museum

NETTVERKSMØTE OM PILEGRIMSLEDENE – MØRE OG ROMSDAL

VALLDALSLEDEN, NØKKELSTEDER OG ANDRE DESTINASJONAR LANGS KYSTPILGRIMSLEIA

Kjernen i verdiskapingsprogrammet «Ein bit av historia» er å respektere, vidareutvikle og framheve lokalsamfunnets historiske kulturarv, autentiske kultur, tradisjonar og særpreg. Satsinga skal gå fram mot Norges tusenårsjubileum i 2030, og skal legge til rette for både økonomisk, kulturell, sosial og miljømessig verdiskaping. Verdiane forventast skapt basert på kulturarven langs fleire historiske aksar i Møre og Romsdal, blant dei pilegrimsledene. 

I Møre og Romsdal utgjer kulturminner på Herøy, Borgund, Giske, Veøy, Kvernes og Edøy nøkkelsteder langs kystpilegrimsleden. Kystpilegrimsleia blei offisielt godkjent i desember 2017 og opna sommaren 2018 med hovudarrangement på Edøy/Kuli på Smøla.

Valldalsleden ble godkjent i 2015, og følger Olav den Helliges fluktrute, frå Valldal til Dovre. Leden er kopla til Gudbrandalsleden, og utgjør dermed en samanhengande led frå Sunnmøre til Trondheim og Nidarosdomen. 

Vi er no inne i ein mellomfase i 2019 der vi venter på konklusjon og vedtak i forhold til langtidsplan for den statlege pilegrimssatsinga. Utkast til denne planen som Nasjonalt pilegrimsenter har utarbeida på vegne av Kulturdepartementet, er nå ute på høring (høringsfrist 1. mai 2019). I mellomfasen har vi også eit samarbeid med Nasjonalt pilegrimsenter.  

Mørebispedømme og Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker saman med prosjektleiar Lasse Sandø ved Nasjonalt pilegrimsenter, å kalle inn til et nettverksmøte for nøkkelstadane i vårt fylke, Valldalsleden og i tillegg noen andre destinasjonar langs kysten som er kome langt i sitt arbeid med tilrettelegging for Kystpilegrimsleia. Vi ønsker å orientere om status pr. i dag, om prosessane som pågår nasjonalt og regionalt, om tilskot, om planer om regionale kystpilegrimssentra og vegen vidare. Vi ønsker også at nøkkelstadane og Valldalsleden skal få orientere om sin status i arbeidet. Dette inneber også at fleire kan få idear om vidare satsing og prioriteringar. Meininga er at alle nøkkelstadane og flest mogleg av dei andre destinasjonane/«heilagstadane våre» skal vere klar til å ta imot pilegrimar allereie våren/sumaren 2019. 

Vi inviterer no til nettverksmøte for dei som arbeider for å utvikle pilegrimsledene i Møre og Romsdal. Tema for dagen er:  Kva treng vi no for å vere operative til sommaren ? Og kva kan vi ta tak i for å utvikle nye opplevingar knytt til pilegrimstradisjonane?  

Agenda for møtet:   

INNLEGG 

  • “Ein bit av historia”, Elin K. Lorentzen, prosjektleiar 
  • “Kystpilegrimsleia - veien videre”, Lasse Sandø, prosjektleiar 
  • “Regionalt pilegrimssenter – innhold, krav og forventninger”, Hans Morten Løvrød, Nasjonalt pilegrimssenter  
  • “Pilegrimsleden - en reise som berører”, presentasjon av langtidsplan og høyringssvar frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Bjørn Ringstad 
  • Møre og Romsdal sin prosess for etablering av regionalt pilegrimssenter, John Erik Brakstad  

Gruppearbeid: 

  1. Intro: Status og ønsker for framtida” - innlegg frå kvar nøkkelstad/heilagstad og frå Valldalsleden (5 min pr. Innlegg) 
  2. Arbeid i mindre grupper: Idear til vidare utvikling av opplevingar basert på pilegrimstradisjonane i Møre og Romsdal. 
  3. Oppsummering og vegen vidare 

 

Vi serverer lunsj – og legg opp til hyggelige kaffepauser undervegs. Velkommen!

Påmeldingsskjema - Nettverksmøte om pilegrimsledene - Møre og Romsdal
  1. Ved å sende inn dette skjemaet samtykker du i at opplysningane i dette skjemaet (namn, kven du representerar og deltaking) blir gjort synleg for andre.

Kontaktpersonar

Bjørn Ringstad Bjørn Ringstad
Fylkeskonservator
71 28 04 39 /
Mob. 414 58 971
Send e-post