Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tirsdag 28. mai 09:30 - Tirsdag 28. mai 16:30

Scandic Hotel Ålesund, Molovegen 4

Nettverksmøte for ABM-sektoren i Møre og Romsdal: Digitalisering av lokalhistorisk materiale

Møre og Romsdal fylkesbibliotek og Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal arrangerer samling for ABM-sektoren i Møre og Romsdal: arkiv, bibliotek, museum og kulturvern. 

Tema er digitalisering av lokalhistorisk materiale: nasjonalt, regionalt og lokalt samarbeid. Jonny Edvardsen frå Nasjonalbiblioteket vil presentere  digitaliseringsarbeidet deira: status og planar vidare, Dag Hundstad og Marianne Wiig frå Norsk lokalhistorisk institutt (som no er ein del av Nasjonalbiblioteket) vil presentere instituttet og Lokalhistoriewiki, Kristian Hunskar frå Arkivverket presenterer Digitalarkivet som nasjonal publiseringsplattform. Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal (IKA MR og SEDAK) presenterer Regionalt arbeid med digitalisering og publisering av kulturarven, Fylkesbiblioteket presenterer den lokalhistoriske basen MøreRom.

Det vert ikkje krevd deltakaravgift. 

PROGRAM:

09.30 – 10.00 Innsjekking. Kaffe m.m.

10.00 – 10.15 Velkomen ved fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen
Kort presentasjonsrunde

10.15 – 11.00 Digitaliseringsarbeidet ved Nasjonalbiblioteket: status og planar vidare
Ved Jonny Edvardsen, Nasjonalbiblioteket

11.00 – 11.45 Norsk lokalhistorisk institutt og Lokalhistoriewiki
Ved Dag Hundstad og Marianne Wiig, Nasjonalbiblioteket, Norsk lokalhistorisk institutt

12.00 – 13.00 Lunsj

13.00 – 13.45 Digitalarkivet som nasjonal publiseringsplattform
Ved Kristian Hunskar, Arkivverket

13.45 – 14.15 MøreRom: ein lokalhistorisk base på Møre og Romsdal fylkesbibliotek
Ved Heidi S. Drageseth, Møre og Romsdal fylkesbibliotek

14.15 – 14.30 Kaffepause

14.30 – 15.15 Regionalt arbeid med digitalisering og publisering av kulturarven
Presentasjon av SEDAK (Fylkessenter for digitalisering av kulturarven)
og Kulturnett Møre og Romsdal ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKAMR)
Ved Ottar A.B Anderson, SEDAK og Jan Aakvik, Kulturnett MR

15.15 – 16.30 Drøftingar, spørsmål og samråd .
- Innspel frå forsamlinga
- Samarbeid, korleis gjere seg nytte av kvarandre sitt arbeid
- Klarering av opphavsrett, samarbeid med Nasjonalbiblioteket
- Kva for forventingar har forsamlinga m.o.t. digitalisering og er desse
i samsvar med institusjonane sine eigne planar og budsjett?

Ca 16.45 Dei som ønsker det kan delta på ein guida tur til SEDAK og IKAMR i Kirkegata 10B

Kontaktpersonar

Heidi Drageseth
Bibliotekrådgivar
71 28 05 06
Send e-post
Cecilie Røe
Spesialbibliotekar
71 28 05 09 / Mob. 952 10 109
Send e-post

Dokument

Program ABM-samling 2019
PDF-dokument - 160,74 kB