Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Torsdag 9. mai 10:00 - Torsdag 9. mai 15:30

Ørskog Fjellstove

Nettverksmøte for postveg-kommunane i Møre og Romsdal.

 Volda, Stranda, Ørskog, Vestnes, Molde, Gjemnes, Tingvoll og Surnadal

Seminaret er berekna på ansvarlege i postvegkommunar saman med aktuelle aktørar innan frivilligheit og næringsliv.

Kvar kommune kan ha med seg 3 deltakarar.

 Tema for møtet:

 Kva kan vi ta tak i for å utvikle nye opplevingar knytt til Den Trondhjemske postvei? 

Før sommaren 2019, vil det delegerast tilskot til ulike verdiskapingsprosjekt knytt til postvegen. Det vil bli gitt meir informasjon om tilskotet under møtet, der vi vil ha fokus på å jobbe fram mot gode lokale verdiskapingsprosjekt!

Sentralt for desse tilskota vil vere verdiskapingsprogrammet «Ein bit av historia», der ein skal respektere, vidareutvikle og framheve lokalsamfunnet si historiske kulturarv, autentiske kultur, tradisjonar og særpreg. 

Satsinga skal gå fram mot Norges tusenårsjubileum i 2030, og skal legge til rette for både økonomisk, kulturell, sosial og miljømessig verdiskaping. 

Verdiane forventast å bli skapt ut i frå på kulturarven langs med fleire historiske ferdelsårer i Møre og Romsdal, blant dei Den Trondhjemske postvei.

         Agenda 

  1. Velkommen og kort presentasjonsrunde – kvar kommune har eit kort innlegg om postvegen i sin kommune. (Uten power point, 3. min)
  2. Statusoppdatering av «Ein bit av historia» - ny tilskuddsordning for postvegen.
  3. Lunsj.
  4. Gruppearbeid – verdiskapingsprosjekt i kommunane.

      

Påmeldingsfrist 29. april

Påmeldingsskjema - Nettverksmøte for postveg-kommunane i Møre og Romsdal
  1. Ved å sende inn dette skjemaet samtykker du i at opplysningane i dette skjemaet (namn, kven du representerar og deltaking) blir gjort synleg for andre.

Kontaktpersonar

Anna Eline Eneberg
Rådgivar - museum og kulturarv
71 28 02 94
Send e-post