Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Onsdag 15. mai 10:00 - Onsdag 15. mai 15:30

Scandic Seilet, Molde

Partnarskapsforum – God Helse

I år har partnarskapsforum ny folkehelsemelding og evaluering av partnarskapet som hovudtema.
Kultur og folkehelseutvalet har gjort vedtak om at God Helse-partnarskapet og gjeldande partnaravtale skal evaluerast (KF-46/16). Arbeidet starta opp i 2018, Møreforsking har fått oppdraget. Formålet er å skaffe fram resultat med tilrådingar om vegen vidare i målretta folkehelsearbeid i fylkeskommunen, her under vidareutvikling av partnarskapsavtalen. I samband med evaluering har det mellom anna vore gjennomført workshop under utvida folkehelsesamling i mai 2018, dokumentstudiar, spørjeundersøking og intervju hausten 2018.
På partnarskapsforum vil Møreforsking leggje fram rapporten og det vil blir lagt opp til gruppearbeid.
Evalueringa og tilråding om vidare vegval skal leggast fram for kultur- og folkehelseutvalet i juni 2019.

Ny folkehelsemelding leggast fram den 5. april, og vil vere under handsaming i mai.
På partnarskapsforum vil det bli orientert om hovudtrekka i den nye meldinga.

Program:

Målgruppe:

Vi ber ordførar, rådmann, folkehelsekoordinatorar og andre interesserte i partnarskapskommunane samt representantar frå friluftsråda og idrettskretsen om å sette av dagen til møtet.

 

Påmeldingsfrist: 29. april 2019

Påmeldingsskjema - Partnarskapsforum - God Helse 15.05.2019
  1. Ved å sende inn dette skjemaet samtykker du i at opplysningane i dette skjemaet (namn, kven du representerar og deltaking) blir gjort synleg for andre.

Kontaktpersonar

Rigmor Hustad Holen Rigmor Hustad Holen
Seksjonsleiar
71 28 04 23 /
Mob. 930 06 726
Send e-post
Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 28 03 04 /
Mob. 953 38 348
Send e-post