Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Torsdag 17. oktober 10:00 - Fredag 18. oktober 15:00

Hotell Alexandra, Molde

FrivilligFORUM 2019

Møre og Romsdal fylkeskommune og Frivillighet Norge inviterer til FrivilligFORUM 2019!

Tema: Kvifor ha ein frivilligpolitikk?

Om konferansen
For få eit godt lokalsamfunn, er ein heilt avhengig av frivillig arbeid. Det at kommunar har ein overordna politikk, plan, strategi eller liknande for frivillig sektor kan vere med på å auke innsatsen og å skape betre rammevilkår for frivillig innsats.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal utarbeide temaplan for frivilligheit i løpet av 2020. Vi ynskjer difor å invitere til inspirasjonssamling, der dialog og innspel kan bidra positivt til frivilligarbeidet i fylket. Målet er at dagane skal bidra til delt kunnskap, påfyll og i tillegg til å få gode verkty til vidare arbeid. Mot slutten av begge dagar, vil vi ha ei innspelsrunde, der deltakarane gir innspel til fylkeskommunen sin nye temaplan for frivilligheit.

Målgruppe
Samlinga vert delt i to dagar.

«Kommunedagen»: Torsdag 17.oktober vil vere for tilsette i kommunar som jobbar med frivilligheit, planlegging, rådmenn, ordførarar, politikarar. 

 «Frivilligdagen»: Fredag 18.oktober vil vere for regionale og lokale frivillige lag og organisasjonar, og institusjonar som får fast driftstilskot frå fylkeskommunen.

Program:

NB! Det kan kome endringar i programmet!

DAG 1, 17.oktober: Målgruppe: Tilsette i kommunar som jobbar med frivilligheit, planlegging, rådmenn, ordførarar, politikarar

10:00 Velkommen til FrivilligFORUM v/fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen
10:15 Frivillighet Norge – Samspel og samarbeid mellom frivillig og offentlig sektor ved Bjørn Lindstad
10:55 KS - Kvifor er ein kommunal frivilligheitspolitikk viktig for KS? 
11:15 Møre og Romsdal fylkeskommune – Praktiske tips til god planlegging ved rådgjevar Synnøve Valle
11:45 Lunsj 
12:45 Frivillig.no – Korleis kan kommunane legge til rette for økt rekruttering av frivillige v/organisasjonsrådgjevar Birgitte Heneide
 
13:15 Verksted for innspel - Møre og Romsdal fylkeskommune sin temaplan for frivilligheit
15:00 Avslutning og vel heim 

DAG 2, 18.oktober: Målgruppe: Regionale og lokale frivillige lag og organisasjonar

10:00 Velkommen til FrivilligFORUM v/assisterande fylkeskultursjef Monica Kjøl Tornes
10:15 Frivillighet Norge - Samspill og samarbeid mellom frivillig og offentlig sektor ved Bjørn Lindstad
10:45 Frivillig.no – korleis kan lag og organisasjonar øke rekruttering av frivillige gjennom Frivillig.no? v/organisasjonsrådgiver Birgitte Heneide
  Pause
11:30 Nordmøre og Romsdal fotballkrets – Kvalitetsklubbkonseptet - rigge ein god organisasjon (kvalitetsklubb som konsept er retningsgivande for utviklingsarbeid i klubbhverdagen)  
12:00 Møre og Romsdal fylkeskommune – Kva har skjedd sidan sist? Og kva skal skje framover? Ved rådgjevar Anna Lianes  
12:15 Lunsj 
13:15 Verksted for innspel -Møre og Romsdal fylkeskommune sin temaplan for frivilligheit 
15:00 Avslutning og vel heim 

Konferansen vert delfinansiert med midler fra Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

Frivillgforum er gratis og det blir servert lunsj.

Påmeldingsfrist: 1.oktober 2019

Påmeldingsskjema - FrivilligFORUM 2019
  1. Kommuner, organisasjon, frivilligheit el.l.
  2. Om det er nokon som har matallergiar e.l, gi beskjed på e-post til anna.lianes@mrfylke.no eller på tlf. 71 28 03 07
    Opplysningane frå skjema vil blir sletta når arrangementet er over.

Kontaktpersonar

Anna Lianes
Rådgivar - folkehelse og fysisk aktivitet - kulturavdelinga
71 28 03 07
Send e-post

Dokument

FrivilligFORUM 2019-INVITASJON
PDF-dokument - 603,13 kB