Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Torsdag 20. juni 10:00 - Torsdag 20. juni 12:00

Vestnes fjordhotell

Informasjonsmøte om GDPR- den nye personvernlova

Møre og Romsdal fylkeskommune v/kulturavdelinga invitere til informasjonsmøte om GDPR- den nye personvernlova.

Målgruppe:  Institusjonar som får fast driftstilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Møtet vert også opent for dei som får treårig og eittårig driftstilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

NB: For frivillige lag og organisasjonar vil det også kome eit opplegg i regi av Frivillighet Norge i løpet av hausten, mest sannsynleg i midten av oktober.

Innhald

Frå IKA (Interkommunalt arkiv) Møre og Romsdal kjem personvernombod Thea Helen Eriksen Rølsåsen, med oppdatert informasjon om GDPR. Kva har denne å seie for arbeidet til kulturinstitusjonane i fylket?

Vi ønsker oss svært gjerne case frå dykkar kvardag, så vi ber dykk om å sende inn spørsmål og utfordringar til Thea i forkant av møtet, dersom det er spesielle ting de lurer på.

Spørsmål og case skal sendast til rådgjevar i fylkeskommunen, Anna Lianes, på e-post: anna.lianes@mrfylke.no

Vi set kort påmeldingsfrist – fredag 7.juni. 

Invitasjonen kjem med atterhald om at vi får nok påmeldte. Dersom vi ikkje får det, så vert møtet utsett til hausten.

Det vert ein lett lunsj, gjer vel og melde tilbake eventuelle allergiar. 

Påmelding - Informasjonsmøte om GDPR
  1. Om nokon har matallergi e.l. kan ein gi beskjed om det til Anna Lianes på e-post anna.lianes@mrfylke.no eller på tlf.71 28 03 07.
    Når du sender inn dette skjemaet vil vi behandle opplysningane så lenge vi har behov for det / til arrangementet og nødvendig etterarbeid er avslutta.

Kontaktpersonar

Anna Lianes
Rådgivar - folkehelse og fysisk aktivitet - kulturavdelinga
71 28 03 07 / Mob. 992 98 395
Send e-post