Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Torsdag 26. september 09:00 - Torsdag 26. september 15:30

Scandic Alexandra i Molde

Personalseminar- og omstillingsverkstad

Fylkesrådmannen arrangerer personalseminar med verkstad torsdag 26. september på Scandic Alexandra i Molde.

Dagen er obligatorisk for alle tilsette i sentraladministrasjonen. I tillegg inviterer vi rektorane, overtannlegane og dei hovudtillitsvalte. Første del av dagen kan også følgjast av andre tilsette gjennom streaming.

Program:

Kl 0900 – 0930: Opning ved fylkesrådmannen og orientering om prosjektet «Møre og Romsdal som region mot 2025»

Kl 0930 – 1130:  Orientering om status for arbeidet med dei ulike tiltaksområda og delprosjekta i «Omstilling av organisasjonen mot 2020»

Kl 1130 – 1215:  Lunsj

Kl 1215 – 1530:  Verkstad med involvering av tilsette i arbeidet med vurdering av alternative modellar til ny administrativ organisering

Eit av tiltaksområda i Omstilling 2020 er å sjå på ny administrativ organisering av sentraladministrasjonen. I tida fram mot personalseminaret vil prosjektorganisasjonen utarbeide alternative modellar for ny organisering av toppleiarnivået og fag- og stabsavdelingane.

På verkstaden blir det gruppearbeid for å få innspel til vurderingar av styrker og utfordringar ved dei alternative organisasjonsmodellane. Økta vil bli leia av Agenda Kaupang og prosjekstaben for Omstilling 2020. På høgre side finn du eit notat som seier noko om prosessen og prinspippa vi no jobbar etter for å fastsette ny administrativ organisering.

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Prosjektsjef omstilling 2020
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post

Dokument

Prosessbeskrivelse og ressursbehov
PDF-dokument - 458,89 kB