Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tirsdag 3. september 10:00 - Tirsdag 3. september 15:00

Ålesund kompetanseklinikk, Ålesund

Felles klinikkleiarmøte for kompetanseregionane Søre Sunnmøre og Ålesund

Fylkestinget gjorde i samband med økonomiplan 2018-2021 vedtak om omstilling og utvikling av fylkeskommunen. Omstillingsprosjektet, kalla «Omstilling 2020», vil ha som formål å tilpasse fylkeskommunen sin tenesteproduksjon til dei økonomiske rammeendringane som må påreknast dei kommande åra. Dette inneber vurdering av organisatoriske endringar, her også vurdering av behovet for endring av gjeldande strukturar innan tannhelse og utdanning. Meir informasjon om omstillingsprosessen er tilgjengeleg her: https://mrfylke.no/Intranett/Omstilling-2020

Organisering og struktur for den offentlege tannhelsetenesta er etablert som eit delprosjekt under Omstilling 2020. Tannhelsetenesta står i dag ved eit vegskilje. Tenesta er underfinansiert, og fleire behandlarstillingar må haldast vakante, med dei utfordringar dette gir for tenestekvalitet, rekrutteringsevne og arbeidsmiljø. Skal fylkeskommunen lukkast med samfunnsoppdraget på tannhelsefeltet må det bli lagt til rette for ein bærekraftig tenestestruktur som kan gi befolkninga kvalitativt gode, stabile og føreseielege tannhelsetenester.

Fylkestannlegen ønskjer dialog med klinikkleiarane om den føreståande omstillingsprosessen, og inviterer til felles klinikkleiarmøte for Søre Sunnmøre og Ålesund kompetanseregionar på Ålesund kompetanseklinikk tirsdag 3. september frå kl. 10 til kl. 15.

I møtet vil vi informere nærare om omstillingsbehovet i fylkeskommunen generelt, tannhelsetenesta spesielt og status i prosjektarbeidet. Vi ønskjer å involvere klinikkleiarane i arbeidet med vurdering av alternative modellar for tenestestrukturen i tannhelsetenesta, og det vil bli veksla mellom gruppe- og plenumssekvensar.

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post