Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tirsdag 7. mars 17:30 - Tirsdag 7. mars 21:30

Stranda, Rådhuset, 3. etasje

Starte bedrift 1-2-3. Del 3

Kurset gir innsikt i kva som krevjast for å starte bedrift, både personleg og formelt. Kurset vektlegg korleis du heilt frå starten kan snakke med kundar for å lære kva dei syns om ideen din, og korleis du kan vidareutvikle ideen din for å avklare om du skal starte bedrift.  Kurset gir deg kunnskap og verkty som du kan bruke for å bygge ei lønsam bedrift i tråd med moderne ‘lean’ entreprenørskapsteori.

Kurspakka ‘Starte bedrift 1-2-3’, kombinerer dei to basiskursa våre ‘Skal, skal ikkje’ og kurs i forretningsplanlegging, fordelt på tre modular. Mellom kursa får deltakarane oppgåver og oppfølging av hoppid.no-kontakten.

Målgruppe: Kurset er retta mot personar som vurderer å starte eigen bedrift og som nyleg har starta for seg sjølv.

Innhald:

Deltakarane får innsikt i kva som krevjast for å etablere bedrift, både personleg og formelt. Korleis går du fram og kven kan hjelpe i etableringsprosessen? Basert på moderne entreprenørskap og “lean” tankegang, får du arbeide med å utvikle forretningsideane dine, og du lærer korleis du enklast mogleg kan teste desse ut på potensielle kundar. Du får enkle verkty for å utvikle eigen forretningsidé, og for korleis du kan gå fram for å med finne ut kven som skal bli dine første kundar og korleis du skal marknadsføre, selje og ta betalt (forretningsmodell). Du får også innspel til korleis du kan lage ein ”lean forretningsplan”.

Kva metode brukar vi?

Kursert er basert på ein lean forretningsutviklingsmetode kalla ”Lean Business”. Den bygger på at du tar utgangspunkt i eigne ressursar, utviklar forretningsidé og forretningsmodell i samspel med moglege kundar, og at du deretter set deg mål og definerer aktivitetar for gjennomføringa. På denne måten kan du skaffe deg ei  økonomisk oversikt som hjelper deg med avklaring, og til styring av prosjektet ditt. Deltakarane får boka Lean Business Planning og tilgang til eit online verktøy.

 

Kurspakka vert køyrt i Norddal, Sykkylven og Stranda, men også gründerar i andre kommunar kan melde seg på.

 

26. januar:                          Starte bedrift del 1 – Norddal, Fjordhagen, Valldal

16. februar:                          Starte bedrift del 2 – Sykkylven

7. mars:                              Starte bedrift del 3 – Stranda, Rådhuset, 3. etasje

Påmelding til kvar del i kurskalenderen.

Praktisk informasjon

Fagleg ansvar: Lean business

Kontakt: Inge Bjørdal

e-post: inbj@stranda.kommune.no

Kursavgift: 300 kr per modul

Påmeldingsfrist: 28. februar

"Skal-skal ikkje 3" 7.03.2017 Stranda
Vis innsendte svar »

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post