Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Onsdag 15. mars 09:30 - Torsdag 16. mars 13:00

Molde, Høyskolen

hoppid.no Nettverkssamling 2017

BEST I VERDA

Kan ein gründer i Møre og Romsdal bli best i verda? Gå frå kretsmeister til verdsmeister? Ja, meiner vi! På denne samlinga løftar vi blikket og ambisjonane og viser at det er mogleg å gå frå lokalt til globalt. Vi presenterer gründerar som har gått for gull og verktøy som kan hjelpe på vegen opp og ut. Denne gongen inviterer vi både gründerar og gründerhjelparar med oss til samling!

 

Smakebitar frå programmet:

15. mars | For gründerar og gründerhjelparar:

kl. 10.00 - Høgskolen i Molde

Gründerskap i Norge. Korleis gå frå krets- til verdsmeisterskap?

Pål T Næss er divisjonsdirektør i Innovasjon Norge med ansvar for gründerar og oppstartselskap.  Som del av toppleiinga av selskapet er han sentral i utforminga av virkemiddel for dagens gründerar. Før dette leia han Innovasjon Norges kontor i Canada i ett år, etter ein periode som rådgivar for tidligfase gründerar i Oslo og Akershus. Pål har sjølv bakgrunn som gründer.

Historia om verdas beste ost frå Tingvoll
Korleis kunne ein muggen kraftkar frå Nordmøre bli verdas beste? Kristin Waagen, gründer og ostebonde frå Tingvoll

Kaffebrennar med stort potensiale
Røst kaffebrenneri  vann Angel Challenge og ei investering på 1,2 mill for å utvikle ein heilt ny kafebrennar. Ute i verda ventar ein milliard-marknad.

Tradisjon og nyskaping tek av
Det starta lokalt og tradisjonelt, no er flatbrødet ein spesialitet, prisvinnar og  nasjonal hit. Mosbøen Gard, Åse Torvik.

Kulturmentor i hoppid.no

Carina Stokke, rågivar kultur Møre og Romsdal fylkeskommune og  Linda Cecilie Furulund, KulturBiz  informerer om ny ordning for kreative næringar. 

Mingling, mat og omvisning på ProtoMore Lab

Møt Innovasjon Norge, kulturmentorane, hoppid-no-kontaktar og andre gründerhjelparar!

Kl. 18.00 Avslutning

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------

16. mars | For gründerhjelparar:

kl. 09.00 - Oppstart, Quality hotel Alexandra

Innovasjonsprosjekt med forskningsinnhald - fra ide til prosjekt

  • Innovasjonsprosjekt-skolen
  • Kva ligg i FOU og innovasjonsbegrepet?
  • Korleis støtte opp under innovasjonsidear og forskning?
  • Verktøy som kan brukast for å utvikle ein innovasjonsidé til eit innovasjonsprosjekt med forskningsinnhald

Arthur Almestad, spesialrådgivar, Norsk forskningsråd

Framtidas hoppid.no

Skal hoppid.no bidra til å løfte gründerane sine ambisjonar, må hoppid.no-nettverket løfte og utvikle gründertenesta. Malene Aram Vike 

Gründermobilisering 2017

Erfaringsdeling og nye prosjekt i 2017

Nytt frå Innovasjon Norge/SIVA

Ved Alfred Øverland

Kl. 15.00 Avslutning

Programmet vert oppdatert!
Påmelding under: Velg pakke for gründerar eller for gründerhjelparar!

Påmelding hoppid.no Nettverkssamling 15. og 16. mars 2017
Vis innsendte svar »

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post