Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tirsdag 28. november 09:30 - Tirsdag 28. november 15:30

Alexandra hotel, Molde

Fagdag om rusmiddelførebygging og rusoppfølging i arbeidslivet

Målet med dagen er å gje eit fagleg påfyll i forhold rus og arbeidsliv basert på arbeidslivsforsking. Denne opplæringsdagen inngår som ein del av tilbodet i Modul-3 i HMS-opplæringa. 

og kan sjåast i samanheng med temadagen 29.11.17 om «dei nødvendige og vanskelege samtalene».

Vi ønskjer å sette fokus på:

  • kva haldningar og verdiar har Møre og Romsdal fylkeskommune til arbeid med rusmiddelproblematikk
  • samspel mellom arbeidsgivarpolitik og rusmiddelpolitikk 
  • korleis kan/bør vi jobbe førebyggande
  • korleis skal vi opptre når vi identifiserer saker knytta til rusproblem - med utgangspunkt i prosedyrer og Retningsliner for førebygging og oppfølging av rusmiddelproblem.

Målgruppe: Leiarar, tillitsvalte og verneombod/AKAN-kontaktar. Den forskningsfaglege delen av opplæringsdagen blir halde av seniorrådgivar Hans Ole Berg i AKAN kompetansesenter.

Bindande påmelding innan: 21 november kl. 12.00. Temadagen er gratis. Eventuelle utgifter til reise, opphald og vikar må dekkjast av driftseininga. Forfall som ikkje er varsla vert fakturert med kostnad på dagpakke.

Program:

Kl 09:00 – Introduksjon og presentasjon

Kl 09:45 – Innleiing og refleksjon med utgangspunkt i Møre og Romsdal Fylkeskommune sin rusmiddelpolitikk

Kl 10:30 – Om arbeidsliv, rusmiddelbruk, avhengighet og ulike førebyggingstilnærminger

Kl 11:30 – Lunsj

Kl 12:15 – Ulike verktøy og intervensjonar

Kl 14:20 – Gjennomgang av Møre og Romsdal Fylkeskommune sin prosedyre for oppfølging av rusmiddelsaker

Kl 15:10 – Oppsummering og avslutning

Kl 15:30 – Slutt

 

Dagen blir en veksling mellom foredrag og gruppediskusjoner.

Kontaktpersonar

Richard David Anthony Muller Richard David Anthony Muller
Rådgivar
71 28 01 73
Send e-post