Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Torsdag 26. oktober 10:00 - Torsdag 26. oktober 14:00

Festiviteten, Kristiansund

Innspelsmøte - ny kulturmelding

Samarbeidspartnere: Møre og Romsdal fylkeskommune, Kulturdepartementet, Kristiansund kommune

Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei ny kulturmelding. Meldinga skal danne grunnlaget for ein overordna politisk debatt om kulturpolitiske utfordringar i åra som kjem. Meir informasjon om arbeidet finn du på regjeringa sine sider HER.

Arbeidet med meldinga skal famne heile breidda i kulturdepartementets ansvarsområde og skal sjå på kulturpolitiske konsekvensar av til dømes teknologisk utvikling, globalisering, demografiske endringar, samfunnsøkonomiske realiteter og nye forvaltingsstrukturar.

Som ein del av arbeidet med den nye kulturmeldinga, arrangerer Møre og Romsdal fylkeskommune regionalt innspelsmøte den 26.oktober i Kristiansund. 

Innspelsmøte blir arrangert i samarbeid med Kulturdepartementet og Kristiansund kommune.

Målgruppa for innspelsmøte er kulturinstitusjonar, kulturorganisasjonar og kommunar i Møre og Romsdal. Vi treng ditt innspel til å forme kulturpolitikken for framtida.

Det er mogleg å teikne seg på liste for å halde innlegg (kryss av i påmeldingsskjema om du ønsker å halde innlegg). Det er satt av 3 minutt til kvart innlegg.  

Kulturdepartementet har forberedt nokre spørsmål som dei ønsker at du skal bruke som grunnlag for eit eventuelt innlegg. Spørsmåla finn du i dokumentet i høgremargen på denne sida. 

Program                                                                           
10.00 Velkommen 
  Kort innleiing ved Kulturdepartementet 
10.15 3-minutts innspel etter liste 
11.30 Debatt
12.00 Lunsj
  Kulturelt innslag med Møremusikarane 
  Utdeling av kunstnarstipend 2017 
13.15 3-minutts innspel etter liste 
14.00 Møteslutt

Påmeldingsfristen er utgått.

 

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Anna Lianes
Rådgivar - STAB - Kulturavdelinga
71 28 03 07 /
Mob. 992 98 395
Send e-post

Dokument

Spørsmål til innspelsmøte 26.10.17
PDF-dokument - 49,64 kB