Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Mandag 15. januar 10:00 - Mandag 15. januar 15:00

NMK Ålesund

Idèverkstad smarte transportløysingar

Møre og Romsdal fylkeskommune vurderer å delta i konkurransen «Smartere transport i Norge».

For å delta må vi ha etablert både eit partnarskap og vere trygge på at løysingane vi skal utvikle kan nå opp i konkurransen. Vi inviterer difor til idèverkstad.

Tid: 15. januar  kl 10:00 – 15:00

Sted: Blue Innovation Arena i NMK- Ålesund

Formålet med idèverkstaden.

  • Få innspel til kva ein eventuell søknad frå Møre og Romsdal bør omfatte
  • Etablere eit offentleg- privat partnarskap som kan vere med å utforme søknad til Samferdsledepartementet med frist 9. april. 

For å delta i konkurransen må fylkeskommunen samarbeide med ein eller fleire bykommune og med andre aktørar frå privat og offentleg sektor.

Behova som skal dekkast er knytt til  auka mobilitet sjø/land (personar og gods), saumlause kollektiv- og transportsystem, lågare kostnader, miljøgevinstar og sikkerheit (nullvisjonen).

For å nå opp i konkurransen  må vi ta utgangspunkt i vårt ressursgrunnlag og våre lokale konkurransefortrinn.

Kulepunkta under er eksempel på kva løysingane kan handle om:

  • Førarlause, autonome fartøy som kryssar fjordar og sund – «ferjer for bru»
  • Alternative drivstoff og framdriftssystem for ferjer og passasjerbåtar
  • Nye ferjekaier som intermodale koplingspunkt og fylle- og ladestasjoner
  • Applikasjoner for automatisk billettering og trafikkdirigering
  • System for behovstilpassa seglingsfrekvensar

Konkurransegrunnlaget

Samferdsledepartementet legg opp til å tildele inntil 100 mill. kroner fordelt på 1-3 fylkeskommunar som best viser korleis digitale løysingar, nye teknologiar og program kan brukast til å oppnå målet om eit meir effektivt og meir miljøvenleg transportsystem.

Maksimal utbetling til kvar vinnar blir 50 mill. kroner og maksimalt utbetalt beløp kvar år blir 10. mill. kroner.

Heile konkurransegrunnlaget finn du på denne sida her

Program

10.00 Velkommen
10.05 Informasjon om konkurransen
10.15 Fylkeskommunen og byane sine behov
10.45 Beinstrekk
11.00 Ideverkstad ( Vi spanderer lunsj på eit høveleg tidspunkt)
14.00 Etablering av partnarskap – informasjon  om kva partnerskap  som kan vere akutelt og  veien vidare. - Dei som er interessert  å vere med på søknad må melde sin interesse
Idèverkstad smarte transportløysingar 15.01.18 NMK Ålesund
  1. Ved å sende inn dette skjemaet samtykker du i at opplysningar som namn og arbeidsplass i dette skjemaet blir gjort synleg for andre.
Vis innsendte svar »

Kontaktpersonar

Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post
Øyvind Herse
Rådgivar
71 28 03 56 /
Mob. 913 64 886
Send e-post
Anna-Marie Hatlestad
Rådgivar
71 28 02 11 /
Mob. 924 42 568
Send e-post