Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Onsdag 17. oktober 10:00 - Torsdag 18. oktober 15:00

Quality Hotel Ulstein, Ulsteinvik

BYLIVkonferansen

Bylivkonferansen bilde

BYLIVsenteret (eigd av Norske arkitekters landsforbund) og Møre og Romsdal fylkeskommune går saman om å arrangere årets nasjonale BYLIVkonferanse i Ulsteinvik, 17.-18. oktober 2018.

Byliv, arbeidsliv, kvardagsliv. Korleis kombinere dette i sentrum? Korleis skape gode lokalsamfunn gjennom målbevisst næringsutvikling? Kva har næringslivet å vinne på å engasjere seg i stadutviklinga? Noreg kan by på kunnskapsmiljø i toppklasse, kort veg mellom arbeid, bustad og natur, og ikkje minst arbeidsforhold som gjer det mogleg å kombinere karriere og familieliv. Men korleis forvaltar vi merkevara «Noreg» i planlegginga av byane og tettstadene våre? Kan vi jobbe fram ein kultur for målretta samarbeid mellom næringsliv, organisasjonsliv og kommunane? BYLIVkonferansen vil presentere byar, bedrifter og prosjekt som viser veg for framtidas lokalsamfunn.

Du kan mellom anna treffe desse innleiarane i Ulsteinvik:

Silvija Seres er matematikar og teknologiinvestor, med doktorgrad frå Oxford University. Gjennom ei internasjonal karriere innan IT, styrearbeid i ei rekke store selskap, og dei siste åra som vert for meir enn hundre episodar av podcasten «De som bygger det nye Norge», har ho opparbeidd seg mykje erfaring om norsk næringsliv og norske fortrinn. Seres held hovudinnlegget 17. oktober og vil også spele inn ein podcastepisode live på scena i Ulsteinvik.

Aat Vos har meir enn 20 års erfaring med å utvikle nyskapande bibliotek over heile Europa. I Noreg er han kjend for sitt arbeid med Biblo Tøyen i Oslo, men også det nye biblioteket i Arena Ulstein i Ulsteinvik. Han er opptatt av kva gode møteplassar har å seie for god sentrums- og samfunnsutvikling, og da spesielt biblioteket si rolle som ein inkluderande møteplass.

Harald Øvland er avdelingsdirektør for skoleanlegg i utdanningsetaten i Oslo kommune, og siviløkonom frå Norges Handelshøyskole. Han kjem til BYLIVkonferansen for å fortelle om korleis Oslo tenker heilskapleg når dei planlegg lokalisering og utforming av nye skolebygg. 

Les heile programmet på BYLIVsenteret sine nettsider

NB: Treng du overnatting, kan du bestille dette direkte på konferansehotellet Quality Hotel Ulstein. Oppgi konferansekode #2452. Kontaktperson på hotellet er Ann-Helen Dybvik, tlf. 70013020.

Påmelding frist 01.10.18

Påmelding BYLIVkonferansen 17.-18.oktober 2018
  1. Ved å sende inn dette skjemaet samtykker du i at opplysningar som namn og organisasjon i dette skjemaet blir gjort synleg for andre
Påmelding frist 01.10.18
Vis innsendte svar »

Kontaktpersonar

Ingvild Gjerdset
Arkitekt MNAL
71 28 03 44
Send e-post

Trenger du overnatting?

Bestill overnatting direkte på konferansehotellet Quality Hotel Ulstein. Oppgi konferansekode #2452. Kontaktperson på hotellet er Ann-Helen Dybvik, tlf. 70013020.

BYLIVkonferansen: kart til hotellet

Korleis kome til Ulsteinvik?

For buss og hurtigbåt, sjå www.frammr.no

Skal du reise med fly, kan du reise til Ørsta/Volda lufthavn Hovden, eller Ålesund lufthavn Vigra. 

Det tek ca 30 min med buss/bil frå Hovden til Ulsteinvik. Vi kan hjelpe til med å ordne transport til/frå Hovden.

Det går hurtigbåt og buss frå Ålesund/Vigra til Ulsteinvik, det tek ca 55 min. For ruteinformasjon sjå www.frammr.no

Dokument

BYLIVkonferansen flyer
PDF-dokument - 472,19 kB