Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Onsdag 5. september 10:30 - Torsdag 6. september 15:00

Quality hotel Alexandra, Molde

Bibliotekdagane 2018

Vi vil med dette ønske dykk velkomne til to dagar med kollegial prat, fagleg påfyll og litteraturopplevingar under Bibliotekdagane 2018. I år har vi valgt å legge programmet parallelt med dei to første dagane av Bjørnsonfestivalen, og håpar at det vil gi ein ekstra dimensjon til eit allereie spanande innhald.

Programmet blir klart i løpet av kort tid, og blir lagt ut på denne sida. Vi kan allereie no røpe at vi får besøk av bibliotek-arkitekt Aat Vos den 5.9. Han skal ha ein lengre sesjon der han snakkar om sine visjonar for det offentlege rommet. På kvelden blir det som vanleg middag og hyggeleg samvær. 

Dagen etter, den 6. september, er det fokus på mellom anna Shared reading og fleirspråklege bibliotektenester.

Her finn du programmet for Bjørnsonfestivalen 2018, og under er påmeldingsskjema for Bibliotekdagane.

Vel møtt til Molde i september!

Påmelding Bibliotekdagane 2018
Påmeldingsfrist: 21.08.18

Kontaktpersonar

Annette Elin Koch Annette Elin Koch
Fylkesbiblioteksjef
71 28 05 03 /
Mob. +47 41455913
Send e-post
Anne Karin Roth
Kontormedarbeider
71 28 05 08
Send e-post