-
Tidspunkt
-
Tysdag 15.10.2024 11.00 - onsdag 16.10.2024 15.30
-
Stad
-
Scandic Seilet Molde
Kurset har eit tydeleg fokus på utvikling av samarbeidskompetanse i møte med komplekse velferdsproblem. Komplekse problem er slike som ingen sektor eig, men som berre kan løysast godt av eit fellesskap av aktørar. Dei blir ofte kalla gjenstridige problem (wicked problems). Fremsam kallar det komplekse problem.
I det offentlege er det stadig større merksemd mot komplekse problem. Fleire satsingar er dei siste åra satt i gong for å støtte kommunen i sitt arbeid med det. «Målrettede samfunnsoppdrag» for førebygging av ungt utanforskap er eitt slikt eksempel.
Kursets innhald
Folkehelseutfordringar er komplekse problem som krev tverrsektorielt samarbeid. Dette kurset har som formål å gje deltakarane økt kompetanse om lokale grep for ei helsefremmande samfunnsutvikling. Vidare vil det gje kunnskap og praktisk erfaring i bruk av verktøy for godt samarbeid og felles eigarskap, og bidra til kommunars utvikling av fellesskapsverdiar.
Under kursdagane vil alle deltakarane få moglegheit til å arbeide med ei konkret utfordring, som kommunen treng å samarbeide på tvers av sektorar med. I tillegg til arbeid i grupper, vil kurset bestå av innlendingar frå både praksis og forskingsfeltet, deriblant Fredrikstad kommune, KS, OsloMet og Fremsam. Nokre av disse vil vere digitale opptak.
Kursets modular
- Folkehelsearbeid og nyttige arbeidsformer
- Fellesskapets problem: om komplekse (gjenstridige) problem. Sosial ulikskap i helse som case.
- Samarbeidsdrevet utvikling: samarbeid og samskaping om felles problem, forutsetningar for godt tverrsektorielt samarbeid. Kva slags støtte finst for kommunar?
- Helsefremmande samfunnsutvikling: ressursar som finst, og kan utløysast i samarbeid, styrkebasert tilnærming.
- Samordning: kva er samordning og kvifor er dette viktig i møte med felles komplekse problem?
Praktisk informasjon
- 15. oktober oppstart kl. 11.00, oppmøte frå 10.30. Kurset avsluttast kl. 17.00. Det blir ikkje lagt opp til felles middag.
- 16. oktober oppstart kl. 08.30, kurset avsluttast kl. 15.30.
Målgruppa for kurset er tilsette i kommunar som jobbar med helsefremmande samfunnsutvikling. Vi ønsker at kvar kommune deltek med to tilsette.
Kommunar som deltek med to tilsette vil bli prioritert og for dei er det førstemann til mølla. Alle må melde seg på individuelt. Det er ønskeleg at dei kjem frå kvar sin sektor, om mogleg. Det er avgrensa med plassar på kurset, så ver raskt ute med påmelding.
For best mogleg nytte av kurset ber vi om følgande førebuing frå kommunane:
- Alle deltakara skal ha med seg ei relevant utfordring frå sin kommune, som forutsett samarbeid på tvers for å løyse
- Deltakarane frå same kommune får tilsendt ein interessentanalyse for sitt tiltak som skal fyllast ut før kurset begynner
Det er viktig at alle førebur seg godt.
Påmelding
Meld deg på kurset
Frist for påmelding er torsdag 15. august.
Det er avgrensa plassar på kurset. Kommunar som deltek med to tilsette vil bli prioritert via «førstemann til mølla»-prinsippet. Stadfesting på kursplass sendast ut fortløpande til kommunane med to deltakarar, medan enkeltdeltakarane vil få tilbakemelding om eventuell kursplass etter påmeldingsfristen.
Merk at det grunna ferieavvikling i perioden 17. juli–4. august ikkje vil bli sendt ut stadfestingar.
Pris
Fylkeskommunen dekker kurs og lunsj. Kommunen må sjølv bestille og betale overnatting.
Kontaktperson
Maren Ormsettrø
Arrangør
-
-
Møre og Romsdal fylkeskommune