Regionalt løft for marknadsdialog i offentlege innkjøp

Regionalt løft for marknadsdialog i offentlege innkjøp

Det offentlege gjer innkjøp for fleire hundre milliardar kroner i året. Korleis desse pengane vert brukte, har enormt mykje å seie for vår felles framtid. 

Marknadsdialog kan styrke samarbeidet mellom offentlege innkjøparar og leverandørar, slik at ein vel dei beste løysingane og skaper verdi for dei felles problemstillingane vi ønsker å løyse. Mange leverandørar kan sitje på innovative og berekraftige løysingar som aldri blir etterspurde fordi dei vert målte på feil kriterium. Med en open dialog kan vi sikre anskaffingar som både fremmer berekraft og skaper verdi for samfunnet.

Dato
16. oktober 2024
Tid
10:00 - 14:00
Stad
Hotel Alexandra, Molde

Vi inviterer til ei spennande og lærerik samling om marknadsdialog for offentlege innkjøp i M&R-regionen. Samlinga vil gi ein introduksjon til korleis ein praktisk gjennomfører markedsdialogar, relevant regelverk og konkrete case. Målet er å styrke regionen sin samla kompetanse innan offentlege innkjøp generelt og marknadsdialog spesielt.

 

Denne samlinga er for deg som er: 

  • Involvert i prosjektleiing eller rådgivar innan bygg, anlegg og eigedom
  • Alle som er delaktige i offentlege innkjøp, anten du representerer det offentlege, er rådgivar, entreprenør eller leverandør

 

Påmelding innan 2.10.24 på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sine nettsider. 

Arrangør

Prosjektet «Tredriveren i Møre og Romsdal» ved Statsforvalteren, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge, Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskolen i Molde, Molde kommune