Folkehelsewebinar

Folkehelsewebinar

Vi inviterer til årets første folkehelsewebinar frå fylkeskommunen, som blir arrangert fredag 24. januar 2025.

Dato
24. januar 2025
Tid
9:00 - 12:00
Stad
Digitalt møte

Kristin Skjærseth Hildre frå KORUS Midt vil ta oss med på skattejakt for å leite etter gull i Ungdata-resultata. Kva fortel tala oss? Korleis beveger vi oss frå tal til handling? Korleis kan Ungdata-resultata bidra til at eksisterande tilbod til barn og ungdom blir styrka og eventuelle behov for nye tiltak blir oppdaga? Vi har sett av tid til å utveksle erfaringar med kvarandre, og vil sjå nærare på korleis vi kan samarbeide for at barn og unge i Møre og Romsdal skal oppleve innanfor skap.

I tillegg vil Siri Kiviranta, samfunnsplanleggar i Molde kommune, fortelje om deira nye sjekkliste for støtte til å gjere folkehelsevurdering i saker, som blei omtalt under webinaret i haust.

Vi har også sett av litt tid til informasjon frå fylkeskommunen om eit spennande kurs vi vil arrangere i løpet av våren. Du finn komplett program for webinaret ved å følge denne lenka (PDF, 115 kB). Det vil ikkje bli gjort opptak av webinaret.

 

Meld deg på webinaret ved å følge denne lenka