-
Tidspunkt
-
Fredag 21.03.2025 15.00 - søndag 23.03.2025 16.00
-
Stad
-
Ålesund
Sakspapira vert lagt ut tre veker før møtet på den politiske møtekalenderen.
Deltakarane frå kommunale ungdomsråd må melde seg på innan 1. mars. Deltakarane må melde seg på sjølve.
Ung stemme – ungdomspolitisk program for Møre og Romsdal
Innspel til Ung stemme blir samla inn gjennom gruppearbeid laurdag. Tema for dei ulike gruppearbeida er dei sju hovedpunkta i Ung stemme 2024 - 2026. Om det er innspel frå delegatane utanfor desse tema kan en bruke talerstolen under ordet fritt fredag og laurdag for å løfte dei. Redaksjonskomiteèn (valgt fredagen) vil jobbe med innspela etter gruppearbeidet er ferdig laurdag og sende forslag ut til alle delegatane søndag morgen for gjennomlesing før den blir den bli lagt fram og votert over på formiddagen.
Årets ungdomsråd – frist 1. mars
UFT deler ut prisen til årets ungdomsråd i Møre og Romsdal. Prisen går til eit ungdomsråd som har utmerka seg ved å enten lagt til rette for medverknad for ungdom, ha skapt gode møtestadar, bidratt til eit allsidig fritidstilbod for ungdom eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen. Skjema for nominering og grunngjeving finn de her.
Du kan lese meir om årets ungdomsråd på eiga nettside.
Val av nytt ungdomspanel
Under UFT skal det veljast nytt ungdomspanel for perioden 2024/2025. Eit år i UP er spennande og gjev fleire unike moglegheiter. Dei som har spørsmål til vervet i UP eller kan tenkje seg å stille til val kan ta kontakt med koordinator eller leiar i UP. Søknadsskjema ligg her.
Kommunedelegatar til UFT
Vedtektene for UFT og UP set følgjande vilkår som må oppfyllast ved val av representantar:
- Kommunane vel 2 representantar og 2 vara for desse frå ungdomsråd/ungdommenskommunestyre i alderen 13 - 19 år, med tilknyting til fylket.
- Kommunar større enn 20 000 innbyggarar vel 3 representantar og 3 vara.
- Representantane skal vere partipolitisk nøytrale – det vil seie at dei representerer kommunen sin og ikkje eit politisk parti.
- Det skal så langt som råd vere kjønnsbalanse, og det bør også bli rekruttert ungdom med minoritetsbakgrunn viss mogleg.
- Ungdomspanelet inviterer inntil 10 representantar frå organisasjonar som representerer ungdom til ungdommens fylkesting. Desse representantane har røyste, tale- og forslagsrett. Max 20 år.
Delegatar frå lag og organisasjonar
Det er mogeleg å søke om å få delta som delegat frå din organisasjon/lag på Ungdommens fylkesting som observatør. Som delegat skal delta i diskusjonar, gruppearbeid eller avstemmingar. Det er avsatt 10 plassar til representantar/delegatar frå lag og organisasjonar i fylket. Alle som ønsker være med må søke via lenka under. Ber og om at søkaren skriv litt om kvifor dei ønsker være med på UFT.
Ung-koordinator vil vurdere søknadane og gje tilbakemelding innan ei veke etter søknadsfristen 20. februar. Her kan du søke som delegat frå organisasjon eller lag.
Praktisk
Reise (inntil 500 kr per representant - tilsvarande Fram Ung), overnatting og måltid for ungdomsrepresentantane vert dekt av Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er kontaktpersonane i kommunane/organisasjonane som har ansvaret for å hjelpe representantane med reisa, og valde delegatar må kunne reise på eiga hand.
NB: Representantane skal dele rom og vert plassert saman med andre av same kjønn.
Er det spørsmål ta kontakt med rådgivar Åse Helene Stenerud 71 28 02 89/94 84 74 12
eller epost ase.helene.stenerud@mrfylke.no.
Arrangør
-
-
Møre og Romsdal fylkeskommune