Kurs: Korleis utvikle nye utandørs møteplassar?

  • Hending

Kurs: Korleis utvikle nye utandørs møteplassar?

Dato

Tirsdag 29. april 2025

Tidspunkt

kl. 09.00 - 16.00

Stad

Scandic Alexandra Molde

Velkommen til eit praksisnært og konkret kurs utvikla av TvergaFremsam og Våre steder, i samarbeid med DOGA og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er eit kombinert digitalt og fysisk kurs, der du får presentert og trent på metodar og verktøy for å kome i gang med, utvikle og bestille riktig kompetanse for å utvikle ein god møteplass.

 

Dette kurset er til deg som jobbar i ein kommune i fylket. Vi oppmodar til tverrfagleg deltaking frå kvar kommune.

 

Gjennom teori, praktiske eksempel og ei rekkje konkrete metodar vil du på kurset lære meir om korleis du kan kome fram til eigna lokalisering, målgruppe og konsept for din møteplass. Du vil få kjennskap til eigna metodar og opplegg for medverknad og tips til å bestille rett kompetanse, på rett tidspunkt.

 

Kurset er delt inn i tre delar

  • Del 1: Digitalt kurs over 4 veker som du tek når det passar deg.
    F.o.m. måndag 17. mars–11. april
  • Del 2: Fysisk samling i Molde
    Scandic Alexandra, tysdag 29. april, kl. 09–16. Samling med opplæring i verktøy og metodar.
  • Del 3: Uttesting og rettleiing
    Veke 20–25: Om ønskeleg kan di kommune delta vidare på del 3. Meir info kjem etter del 1 og 2.

 

Følg denne lenka for å lese meir informasjon om innhald, prisar og melde deg på kurset.

 

Påmeldingsfrist

12. mars 2025

Kontaktpersonar

Ingvild Gjerdset og Rigmor Hustad Holen

Praktisk informasjon

Om arrangement