Webinar: Behovsanalyse og kunnskapsgrunnlag for bustadpolitiske planar

  • Hending

Webinar: Behovsanalyse og kunnskapsgrunnlag for bustadpolitiske planar

Dato

Tirsdag 20. mai 2025

Tidspunkt

kl. 09.00 - 10.00

Stad

Digitalt

Ein god stad å bu er eit grunnleggande behov for alle og bustadpolitikken verkar inn på mange område som t.d. helse og omsorg, bumiljø og nabolag, infrastruktur, transport og næringsutvikling. Ein heilskapleg bustadpolitikk betyr at desse samfunnsområda bør sjåast i samanheng. Dette kan kommunane gjere i ein bustadpolitisk plan som beskriv måla med bustadpolitikken og kva for verkemiddel kommunen kan ta i bruk for å nå måla.  

Bustadpolitiske planar må bygge på eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag som gir innsikt gjennom data om demografi, hushaldningar, bustadmarknaden, planreservar, kva for type bustadar som finst og kva behovet framover vil vere for ulike type bustadar, m.m. 

Panda analyse har utvikla ein modell for å lage prognosar for framtidig bustadbehov og etterspørsel basert på forventa demografisk utvikling. Møre og Romsdal vil nytte denne modulen, kople han til anna datagrunnlag  og  har som målsetting å levere eit samla kunnskapsgrunnlag som kommunane kan nytte i si politikkutforming.  

På dette webinaret vil Jomar Sæterøy Maridal frå Panda analyse, Even Tranmæl og Paul Magne Eidhammer frå Møre og Romsdal fylkeskommune fortelje om dette arbeidet, vise kva kunnskap den nye  Pandamodulen kan gi, og gi døme på kart og statistikk som vil bli lagt til rette for kommunane. Det blir høve til å gi innspel og stille spørsmål. 

Innleiarar: Jomar Sæterøy Maridal frå Panda analyse, Even Tranmæl og Paul Magne Eidhammer frå Møre og Romsdal fylkeskommune 

Påmeldingsfrist: 16. mai.

 

Praktisk informasjon

Om arrangør

Blir arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Paul Magne Eidhammer

Om arrangement