Konferanse om brannsikkerheit i elektriske batteri

Konferanse om brannsikkerheit i elektriske batteri

Vi brukar stadig meir elektriske batteri, på nye område, og det aukar risikoen for brann. Vi treng derfor meir kunnskap, både hos lovgivande myndigheiter som set krava, tilsynsmyndigheitene, brann- og redningstenesta, produsentar og brukarar. Vi spør:

  • Heng regelverket med i den teknologiske utviklinga? 
  • Kva blir det forska på? 
  • Korleis rigge utdanningssystema slik at kunnskapsbehovet hos dei som skal drifte og vedlikehalde batteria, vert ivaretatt? 
Dato
29. februar 2024
Tid
9:00 - 16:00
Stad
Scandic Alexandra Molde

På konferansen lar vi dei ulike aktørane møtast, for å vise fram utfordringar, dele erfaringar og kunnskap, for å auke bevisstgjeringa og leggje til rette for eit breiare og tettare samarbeid slik at risikoen for og ved brann i elektriske batteri kan reduserast.  Arrangementet er gratis. Det er plass til totalt 80 deltakarar. Konferansen blir også sendt digitalt.

Målgruppe

Politikarar, batteriprodusentar, prosjekteringsansvarlege for batterisystem, leverandørar av batteri- og batterisystem, private og offentlege aktørar innan drift og vedlikehald av elektriske batteri (industri, bygg, transport på vei/bane/til sjøs/i lufta etc.), brann og redningsteneste, kaftleverandørar og nettselskap, lokale el-tilsyn, utdanningsinstitusjonar, forskarar på batteri- og styresystem m.fl.

Program

Deltaking

Påmelding for fysisk deltaking er stengt, men du kan følge konferansen på nett, ved å klikke på bildet under. 

 

 

 

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
0

Arrangør

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Silje Hårberg