Kurs i reguleringsplanarbeid. Fortetting med kvalitet? Korleis kan krav til utforming og plassering av bebyggelse og uterom stette mål for tettstad- og sentrumsutvikling?

Kurs i reguleringsplanarbeid. Fortetting med kvalitet? Korleis kan krav til utforming og plassering av bebyggelse og uterom stette mål for tettstad- og sentrumsutvikling?

Dato
14. mars 2024
Tid
9:00 - 15:30
Stad
Hotel Alexandra, Molde

Målgruppe for kurset er leiarar, planleggarar og saksbehandlarar på plan og byggesak i kommunane.  Arkitekt Sissel Arctander med fleire vil halde innleiing. 

 

Når ein skal bygge- og fortette i tettstad og sentrumsområde på ein måte som gir kvalitet må «kvalitet» omsettast til konkrete tilhøve om det vi kan bestemme noko om. Det vil blant anna vere plassering av bygningsvolum på tomta, høgder, storleik, grad av utnytting og utforming av fasadar og tak. I dette kurset vil vi lære om korleis vi kan omsette overordna mål om kor ein vil til konkrete og brukbare regler på reguleringsplannivå.

 

Stad:  Molde, hotell Alexandra

 

Påmelding: Seminaret er gratis for kommunane. Bindande påmelding innan 29. februar. 

 

Kurs i fortetting med kvalitet (PDF, 2 MB)

Arrangør

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Grete Kongshaug