Programmet for 2026 byr på innlegg frå blant andre fylkesordførar Anders Riise, digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung og kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran. I tillegg blir det også innlegg frå leiarar frå KS, NAV og NHO. Deltakarane får høyre om Kommunekommisjonens arbeid, langsiktig tenking i offentleg sektor, og status for beredskapsarbeidet i fylket. Det blir også debatt med Mørebenken, utdeling av prisen for Årets Regionbyggar, og eigne sesjonar om omstilling, beredskap og mobilisering av arbeidskraftreserven.
Konferansen er ein viktig møteplass for å styrke samarbeidet mellom ulike samfunnsaktørar, og for å diskutere korleis offentleg sektor kan lære av næringslivet og møte framtidas behov. Les meir om Nyttårskonferansen .
Konferansen er ikkje open for påmelding.
Program
Sjå programmet for Nyttårskonferansen 2026 (PDF, 8 MB)
Konferansen vart strøyma, men det blir ikkje lagt ut opptak i etterkant.
“Mørebenken-møtet”
Etter Nyttårskonferansen, fredag 9. januar, blir det arrangert eit møte med Mørebenken frå kl. 12.00–14.00. Dei som er invitert til dette møtet har fått eigen invitasjon.
Sjå programmet for “Mørebenken-møtet” (PDF, 45 kB)