Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Kalender > Kalender POA > Campus-konferansen – vegen mot Campus Kristiansund

Onsdag 28. juni

Thon Hotell, Kristiansund

Campus-konferansen – vegen mot Campus Kristiansund

Campus-konferansen 28. juni markerar at vi er i gong med Prosjekt Campus Kristiansund. Målet er å skape eit felles tyngdepunkt for høgare utdanning, forsking og innovasjon på Nordmøre. 

Prosjektet er etablert av Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Høgskolen i Molde, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Desse fire er også eigarar i Høgskolesenteret i Kristiansund, og samarbeide tett med prosjektet. Fylkeskommunen har tatt på seg prosjektansvaret på vegne av alle eigarane. Meir informasjon finn du på www.campusksu.no 

Campus Kristiansund er eit prosjekt der vi treng alle aktørar med på laget. På konferansen ønsker vi derfor å komme i direkte dialog med både det innovative næringslivet på Nordmøre, forsking og utdanning, politikarar og andre viktige samfunnsaktørar. Hensikta er både å fortelje om prosjektet, og saman beskrive nokre av dei moglegheitene som ligg framfor oss. 

Konferansen vert gjennomført på dagtid 28. juni, ved Thon Hotel Kristiansund. Tahitifestivalen startar samme kveld.

Program for konferansen oppdatert 20. juni. Det er ikkje deltakaravgift.

Påmeldingfrist 19. juni via skjemaet under.

Vel møtt til ein spanande dag!

logo Campus KSU
Påmelding Campus-konferanse 28. juni
  1. Ved å sende inn dette skjemaet samtykker du i at opplysningar som namn og arbeidsplass i dette skjemaet blir gjort synleg for andre.
Vis innsendte svar »

Kontaktpersonar

Roland Mauseth Roland Mauseth
Prosjektleiar
91 72 14 01 /
Mob. 917 21 401
Send e-post
Merete Sjøvang Maurset Merete Sjøvang Maurset
Trainee
71 28 03 19
Send e-post