Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Kalender > Kalender POA > Jazztreff for studentar

Tirsdag 17. juli 09:30 - Onsdag 18. juli 12:00

Fylkeshuset, Molde

Jazztreff for studentar

KS og fylkeskommunen inviterer studentar til jazztreff for å høyre di meining.

  • Korleis sikrar vi god og brei deltaking i lokaldemokratiet?
  • Kva for kompetanse vil morgondagen sine arbeidstakarar trenge?
  • Kva for tjenester og tilbud meiner du er viktig i kommunen din?

Vi ønsker at fleire unge skal bli verande i regionen vår etter endt utdanning. Derfor ønsker vi å innvolvere studentar aktivt i den lokale samfunnsdebatten rundt tema som innovasjon, bærekraft og medborgarskap. På jazztreffet møter du ordførarar i regionen, lokale gründerar og engasjerte medstudentar til gode diskusjonar om framtidas kommunar.

Arrangementet passar for studentar på bachelor- og mastergradsnivå, og vi ønsker studentar frå ulike studieprogram velkommen.

KS har eit eige stipend for mastergradsstudentar. Vi vil informere om ordninga, og har invitert lokale mottakarar av stipendet til å presentere oppgåvene sine.

Bli med på fagleg og sosialt påfyll!

Program for jazztreffet finn du her

Påmelding via e-post: hilde.nauste.myhre@ks.no
Frist: onsdag 11. juli
Merk: jazztreff

Tid:

tysdag 17. juli kl 09.30 - 15.45
Onsdag 18.juli kl. 08.45-12.00