Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Kalender > Kalender POA > Workshop om Møre og Romsdal si framtid

Torsdag 14. mars 09:30 - Torsdag 14. mars 15:00

Scandic Seilet i Molde

Workshop om Møre og Romsdal si framtid

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til workshop  - ein framtidsverkstad - i samband med vårt arbeid med ny regional planstrategi og fylkesplan. 

Torsdag 14. mars, Scandic Seilet i Molde. Kl. 09.30 – 15.00

Den regionale planstrategien og fylkesplanen er fylkeskommunen sine overordna plandokument. Her gjer vi val som påverkar utviklinga i Møre og Romsdal. Dokumenta er styrande for prioriteringa av fylkeskommunen sine ressursar i økonomiplaner og budsjett, og skal leggast til grunn for regionale organ sin verksemd, og for kommunal og statleg planlegging og verksemd. 

Arbeidet er lovpålagt, og  plandokumenta skal utarbeidast saman med kommunar, statlege organ, organisasjonar og institusjonar, fordi den regionale planlegginga omfattar heile samfunnet Møre og Romsdal, ikkje berre fylkeskommunen sin eigen verksemd. Den regionale planlegginga skal spegle dei interesser og behov som er i heile Møre og Romsdal. Saman skal vi derfor få fram kva som er dei største utfordringane og moglegheitene for fylket vårt framover. Det blir tema for workshopen 14. mars.

Arbeidet skal famne alle samfunnsinteresser, og er eit svært breitt planarbeid. Det er derfor offentlege instansar, og personar som representerer institusjonar, frivilligheita og næringslivet som er invitert.

Påmeldingsfrist: Torsdag 07. mars

Påmelding workshop
  1. Ved å sende inn dette skjemaet samtykker du i at opplysningar som namn og arbeidsplass i dette skjemaet blir gjort synleg for andre.
Vis innsendte svar »

Kontaktpersonar

Gry Halvorsen Gry Halvorsen
Rådgivar
71 28 02 65 /
Mob. 404 68 389
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post