Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Kalender > Kalender Utd.avdelinga > Karrieredagane 2018 for elevar på 10.trinn

Tirsdag 11. september - Onsdag 3. oktober

Karrieredagane 2018 for elevar på 10.trinn

I samarbeid med sentrale aktørar frå utdanning, arbeidsliv, kommunar og organisasjonar inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune alle ungdomar på 10. trinn til å vere med på Karrieredagane 2018.

Målsettingane med Karrieredagane er at:

  • Alle avgangselevar frå grunnskolen skal få eit realistisk og levande bilete av utdanningsvegar og arbeids- og karrierevegar i Møre og Romsdal.
  • Karrieredagane skal gi dei unge ein sjanse til å finne ut meir om organisering og mangfald i regionalt næringsliv
  • Arrangementa skal vere ein motivasjonsfaktor for å få ungdom til å velje utdanningsretning og yrke som finst i eigen region
  • Arrangementa skal gi betre kjennskap og refleksjon i høve til utradisjonelle yrkes- og karrierevegar på tvers av kjønn og etnisk bakgrunn

Tid og stad for dei ulike arrangementa:

Veke 37: 11. – 13. september – Romsdal/Molde

Veke 38: 19. september – Surnadal

Veke 38: 20. september – Kristiansund

Veke 39: 26. – 27. september – Søre Sunnmøre/Volda

Veke 40: 3. oktober – Nordre Sunnmøre/Ålesund

Regionale koordinatorar:

REGION NAMN EPOST TELEFON
Nordmøre Monika   Eeg monika@knn.no 91598917
Nordmøre Cathrine   E. Husby cathrine@knn.no 91707951
Nordre   Sunnmøre Jorunn   Øren jorunn.oren@mrfylke.no 48955952
Romsdal Britt   Blichfeldt bb@moldenf.no 48313560
Søre   Sunnmøre Torill Sølvi Engeseth torill.engeseth@hivolda.no 45806705
Søre   Sunnmøre Terese   Balsnes terese.balsnes@hivolda.no 70075337

Frist for påmelding var 1. juni 2018.

Kontaktpersonar

Rose Mari Skarset Rose Mari Skarset
Seksjonsleiar
71 28 03 76 /
Mob. 915 59 917
Send e-post