Tirsdag 13. februar 10:00 - Tirsdag 13. februar 15:30
Elevrådskonferansen del 2, 2018
Tysdag 13. februar inviterer elev- og lærlingombodet Tove Regine Stranden og UNG-koordinator Lovise Almklov til eit arbeidsseminar om ung medverknad i elevrådet. Seminaret er retta mot deg som er elevrådskontakt, elevrådsleiar og nestleiar i elevrådet.
Målet er å styrke elevrådsarbeidet på skolane, og at de som jobbar i og med elevråd skal få mogelegheit til å dele erfaringar, gode dømer og diskutere ulike utfordringar.
Vi ønsker å gi dykk døme på verktøy som de kan bruke i elevrådsarbeidet.
Dagpakke og lunsj blir dekt av fylkeskommunen. Kvar enkelt skole må dekke reisa.
Påmelding innan 1.februar 2018.
Vi ønskjer velkomen til ein spennande dag kor vi set god praksis og delingskultur i fokus.