Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Kalender > Kalender hoppid.no > Forretningsutvikling 18. juni 2019 Rauma

Tirsdag 18. juni 11:00 - Tirsdag 18. juni 17:30

Utrøna Innovasjonssenter

Forretningsutvikling 18. juni 2019 Rauma

Kurset gir deg kunnskap og verkty som du kan bruke for å bygge ei lønsam bedrift i tråd med moderne ‘lean’ entreprenørskapsteori: utvikle forretninga trinn for trinn i samspel med kunden. Teste ut løysingar på kundane undervegs, lære av tilbakemeldingar, tilpasse forretningsideen og teste på nytt.

Kven passar det for?

Kurset er for deg som leier eller driv ei bedrift, og som har ambisjon om å skape vekst. Programmet passar like godt for nystarta som for etablerte bedrifter.

Kva lærer du på kurset?

Denne dagen startar du å utarbeide din eigen forretningsplan basert på lean prinsipp. Du lærer korleis du kan teste ideane dine på kundane og korleis du kan arbeide med planen og vidareutvikle bedrifta di dag for dag. 

Hovudtema er:

  • Introduksjon til lean forretningsutvikling – kontinuerleg læring og utvikling
  • Ressursar – grunnlaget for kva som skal gjere deg unik
  • Forretningsidé – lag og test forretningsideane dine
  • Forretningsmodellen – korleis marknadsføre, selje og ta betalt?
  • Målsettingar – korleis overføre forretningsmodellen din til kvardagen?
  • Oppgåver - som trener deg til å måla dine
  • Økonomi – oversikt på inntening, likviditet og finansieringsbehov.
  • Læring og forbetring - når må du justere mål, forretningsmodell eller idé? 

Kva metode nyttar vi?

Kurset nyttar ein lean forretningsutviklingsmetode som heiter ”Lean Business”. Den baserer seg på at du utviklar ein strategi, forretningsidé og forretnings-modell, og at du deretter set deg mål og definerer aktivitetar for gjennomføringa. På denne måten kan du skape ei økonomisk oversikt som gjer det lettare å styre og kontinuerlig forbetre prosjektet ditt.

Deltakarane får boka Lean Business Planning og tilgang til eit gratis online verkty.

Praktisk informasjon

Fagleg ansvar:  Lean Business AS.

Kontakt: hoppid.no, Solveig Brøste Sletta, Nordveggen AS, tlf. 988 83 816, e-post: solveig@nordveggen.no

Ane Marte Almås Hammerø, Nordveggen AS, mobil 95 05 46 93, e-post: anemarte@nordveggen.no

Stad: Nordveggen.

Lengde: Ein dag frå kl. 11.00  - 17.30

Er plattformen Lean business et verktøy du ikke har prøvd så får du en introduksjon   kl 11-12
Har du benyttet verktøyet tidligere så kommer du kl 12.
 

Kursavgift: kr. 400,-.

Forkunnskap: Ingen spesielle forkunnskapar.

Påmeldingsfrist: seinast 1 veke før kursstart.

Påmelding "Forretningsutvikling" Rauma 18. juni 2019
  1. Fyll ut dette feltet dersom det er eit firma som skal betale
  2. Vipps til nr. 547813 Regional og næringsavdeling.
    Husk å merke betalinga med namn.
  3. Ikkje legg inn sensitive opplysningar
Vis innsendte svar »