Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Kalender > Kalender hoppid.no > Starte bedrift – Skal, skal ikkje?

Onsdag 31. mai 10:00 - Onsdag 31. mai 16:00

Åkp, Borgundvegen 340, 6009 Ålesund

Starte bedrift – Skal, skal ikkje?

Kurset gir innsikt i kva som krevjast for å starte bedrift, både personleg og formelt. Kurset vektlegg korleis du heilt frå starten kan snakke med kundar for å lære kva dei syns om ideen din, og korleis du kan vidareutvikle ideen din for å avklare om du skal starte bedrift. 

Målgruppe: Kurset er retta mot personar som vurderer å starte eigen bedrift.

Kva lærer du?

Kurset gir innsikt i kva som krevjast for å starte bedrift, både personleg og formelt. Korleis skal du gå fram og kven kan hjelpe deg i etableringsprosessen?

Basert på moderne entreprenørskap og “lean” tankegang, får du arbeide med å utvikle forretningsideane dine, og du lærer korleis du enklast mogleg kan teste desse ut på potensielle kundar.

Du får enkle verkty for å utvikle eigen forretningsidé, og for korleis du kan gå fram for å med finne ut kven som skal bli dine første kundar og korleis du skal marknadsføre, selje og ta betalt (forretningsmodell). Du får også innspel til korleis du kan lage ein ”lean forretningsplan”.

Målet er at du skal få tilstrekkeleg informasjon til å sjå kva som er mogleg og kva som ikkje er det, slik at du skal bli betre stand til å finne ut om du skal etablere eiga bedrift.

Kva metode brukar vi?

Kursert er basert på ein lean forretningsutviklingsmetode kalla ”Lean Business”. Den bygger på at du tar utgangspunkt i eigne ressursar, utviklar forretningsidé og forretningsmodell i samspel med moglege kundar, og at du deretter set deg mål og definerer aktivitetar for gjennomføringa. På denne måten kan du skaffe deg ei  økonomisk oversikt som hjelper deg med avklaring, og til styring av prosjektet ditt.

Deltakarane får boka Lean Business Planning og tilgang til eit online verktøy.

Praktisk informasjon

Stad: Åkp, Borgundvegen 340, 6009 Ålesund

Fagleg ansvar: Lean Business AS.

Kontakt: Arne Mehl, seniorrådgivar, Ålesund kunnskapspark

Tlf:  952 50 120

e-post: hoppid@aakp.no

Lengde: Ein dag frå kl. 10.30 til kl. 16.30.

Kursavgift: kr. 300,-

Forkunnskap: Ingen spesielle forkunnskapar.

Påmeldingsfrist: seinast 1 veke før kursstart.

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post