Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Kalender > Kalender hoppid.no > Workshop for hoppid.no - fleirkulturelt entreprenørskap

Tirsdag 24. oktober 09:00 - Tirsdag 24. oktober 16:00

Molde, Hotell Alexandra

Workshop for hoppid.no - fleirkulturelt entreprenørskap

 Vi inviterer alle hoppid.no-kontakter til ein workshop for fleirkulturelt entreprenørskap! Denne workshopen er eit ledd i sertifiseringa av hoppid.no-kontaktar som førstelinjeleddet i hoppid.no.

Bakgrunn: Vi har fått støtte frå IMDi til å gjennomføre eit todelt prosjektet ‘ Fleire gode gründerar gjennom fleirkulturelt entreprenørskap i hoppid.no’.

Kvifor: Som ein del av prosjektet skal vi gjennomføre ein workshopen for å førebu og gjere oss og dykk i betre stand til å møte og rettleie fleirkulturelle gründerar, anten det er arbeidsinnvandrarar eller flyktningar som ønsker å starte eiga bedrift.

Kva: Det er NSFV (Nasjonalt senter for fleirkulturell verdiskaping) som skal gjennomføre denne workshopen for oss.

Fokusområder:

  1. Personlig relasjon, kommunikasjon og kultur
  • Kulturforståing- sosialkultur og forretningskultur
  • Kommunikasjon, relasjon og tillitsbyggande arbeid – ta fram og behalde det innovative individet / gründeren
  • Bevisstgjeringsprosess
  • Hente fram talentet, bygge sjølvtillit – mobilisere ressursar
  1. Forretningsfagleg rettleiing
  • Effectuation som modell – formidlingskunst
  • Utfordringar / ressursar / barrierer
  • Nettverksbygging
  • Kundekommunikasjon / samarbeidsrelasjonar

Vi legg opp til meir dialogbasert, men målretta arbeid i grupper. NSFV har nokre verktøy og erfaringar, de sit med lokale erfaringar (og livserfaring). Målet er å saman kome frem til gode metodar som kan fungere hos dykk. 

Kor: Hotell Alexandra, Molde

Når: 24. oktober, registrering frå kl. 9, oppstart kl. 930

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post