Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Kalender > Politiske møter 2019 > Møte i kontrollutvalet 23. januar

Onsdag 23. januar 10:00 - Onsdag 23. januar 13:00

Fylkeshuset, Molde, møterom 102

Møte i kontrollutvalet 23. januar

Orientering 

  • I sak KO-1/19 vil oppdragsansvarleg revisor Veslemøy Ellinggard, Møre og Romsdal Revisjon IKS, orientere nærare om rapporten «Inntekter frå kollektivtrafikk» (inntil 20 min)
    Til same sak vil også Dag Hole, Vegdirektoratet, orientere nærare om overgangen til Auto Pass-ordninga som grunnlag for inntektsstrømmen innan ferjetrafikken. (inntil 30 min)
  • I sak KO-6/19 vil kontrollsjef Tor Harald Hustad orientere nærare om val av forvaltningsrevisjonsprosjekt for 2019. (inntil 20 min)
  • I sak RS-1/19 vil kontrollsjef Tor Harald Hustad orientere kort om sentrale moment frå sakspapira (inntil 20 min)
  • I sak RS-2/19 vil kontrollsjef Tor Harald Hustad orientere nærare om konsekvensar og aktuelle tiltak for å tilpasse drifta til budsjettsituasjonen, etter fylkestinget sitt vedtak 11. desember 2018 (inntil 20 min)

Det er sett opp slik tidsplan for møtet:

Tidsplan

10:00 – 11:30             Saksbehandling etter sakslista

11:30 – 12:00:            Lunsj

12:00:                         Saksbehandling etter sakslista

Møteslutt seinast kl 13:00

Saker til behandling

Saksnr Innhald
KO 1/19 Rapport - Tilsyn 2-2018: Undersøking av system for styring, kontroll og oppfølging av inntektsstrømmen i kollektiv- og ferjedrifta
KO 2/19 Oppfølging av rapport frå selskapsgjennomgang SK 1-2018: Trafikkterminalen Kristiansund AS
KO 3/19 Oppfølging av rapport frå selskapsgjennomgang SK 2-2018: Astero AS
KO 4/19 Oppfølging av forvaltningsrevisjonsrapport FR 3-2018: Kvalitet hos lærebedrifter og oppfølging av lærlingar
KO 5/19 Oppfølging av tilsynsrapport frå NOKUT - tilsyn ved Fagskolen i Ålesund
KO 6/19 Val av forvaltningsrevisjonsprosjekt 2019
RS 1/19 Møte i representantskapet i Møre og Romsdal IKS
RS 2/19 Orientering om konsekvensar og aktuelle tiltak vedkomande budsjettvedtak i fylkestinget 11. desember 2018
RS 3/19 Tilsynsforum - Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  Godkjenning av protokoll

 På møteplan 2019 finn du sakspapira til møtet.