Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

11,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

4 over 1000- ein populær rundtur. Foto: John W. Klungre- Atle Midtbø
Flott utsikt frå Myrkevasstinden 1131 moh.
På veg mot Blæja som er høgste punktet på turen.
Nedstigninga mot Sandfjelltua kan sjå veldig bratt ut i starten, men det er greitt å gå der det er merka.
 Fint på Blæja, sjølv om skodda stenger for utsikta.

4 over 1000

Fotograf: Atle Midtbø

Kvifor gå denne turen?

Populær rundtur der utgangspunktet er frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra. (Ripsdalsætra). På denne turen besøker du dei 4 toppane over 1000 meter som omkransar Blæjevatnet. Turen byr på bratte oppstigningar, lett klyving og luftig utsikt frå egg og rygg, og er nok rosinen i pølsa når det gjeld turar i Vanylven. Delar av ruta følgjer same trase som andre ruter, men her har vi sett samen ein rundtur der du kan returnere til parkeringsplassen på Røfsdalsætra. Syvde Idrettslag har trimpostar på alle desse fire toppane, og soleis er denne rundturen veldig populær blant poengsankarar.

Kvar i terrenget går turen?

Startpunkt er frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra (Ripsdalssætra), følg vegvisar «4 over 1000». Råsa startar ovanfor hyttene og er lett å sjå, merka med blåmalte steinar og stikker. Kryssing av ei lita elv som kan vere stor etter kraftig regn. Råsa får god stigning etterkvart og du kjem raskt opp i høgde. Ved Tåbrothytta er det passeleg å puste ut, herifrå går råsa over nokre knausar og terrenget flatar etterkvart ut innover lyngheiane mot Blæjevassbu.
På lyngheiane kjem til eit stikryss, her følgjer du vegvisar til Lisjeblæja. Merka ruta langs foten av Lisjeblæja opp på Vaspesnakkane. Her ifrå er det bratt lyngmark som gradvis går over til grov steinur og fjell. Nokre parti med lett klyving når du nærmar deg toppen av Lisjeblæja.

Frå Lisjeblæja og Blæja er det jamt over egg. Mellom Klungrepassasjen og toppen av Blæja er det nokre brattare parti med enkel klyving. http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Blaejeegga-luftig-tur-langs-egg-og-rygg-Lisjeroefsdalen-Lisjeblaeja-Blaeja-Myrkevasstinden-Kvanndalen

Frå Blæjeskaret går ruta opp på platået ved Blæjeskartinden, her er eit stikryss med vegvisarar til Myrkevasstinden og Sandfjelltua. Du må ta ein avstikkar mot høgre til Myrkevasstinden der posten er, returner til stikrysset for å fortsette ned den bratte sida i retning Sandfjelltua.
http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Sandfjelltua-via-Blaejevatnet

Frå Sandfjelltua kjem du ned på Sandfjellegga, her finn du eit stikryss med vegvisar til Røfsdalsætra. Følg merka rute ned ein bratt lyngbakke (300 høgdemeter) og følg merka rute forbi Olavskjelda. http://www.syvdeil.no/index.php?option=com_content&view=article&id=105&Itemid=120
Her er det enklaste staden å krysse elva frå Blæjevatnet. Følg merka rute innom Blæjevassbu og vidare nordover, inntil du kjem til stikrysset der du starta.

Kulturminne

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Syvde sentrum køyrer du imot Saurdal. Ved Smedbøen, 150 meter før tydeleg bru over elva, svingar fylkesvegen mot høgre og du fortsett rett fram, mellom nokre bolighus. Når du har køyrt forbi husa er det reist ein stor stein på høgre side med ei kasse for bompengar til Myklebust sameige. Parker gjerne på inngjerda parkeringsplass på Røfsdalsætra.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 11
Natur 0,7
Lengde tur/retur (km) 11,7
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 200 + 40
Bratteste helning ned 200 + 40
Total stigning 1500 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven bl.a. Coop marked Syvde.