Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > 5 x 1000 i Syvdefjella

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Skitur

Gradering

XXXX Svart

Total lengde rundtur (km)

23

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot søraust frå Blæja
Lisjeblæja, Blæjeskardstinden og Sandfjelltua sett frå Myrkevasstinden
Blæjeskardstinden, Myrkevasstinden og Blæja sett frå Lisjeblæja
Syvden sett frå Lisjeblæja

5 x 1000 i Syvdefjella

Kvifor gå denne turen?

5 x 1000 i Syvdefjella er ein skitur der du får med deg alle 5 toppane over 1000 m i Syvdefjella på ein tur. Turen går først til Myrkevasstinden 1131 moh, så til Blæjeskardstinden 1060 moh, desse to er også grensefjell med Volda kommune, så til høgste toppen i Vanylven, Blæja 1142 moh, så til Lisjeblæja 1032 moh og avsluttar turen med Sandfjelltua 1002 moh. Du har ei fantastisk utsikt på alle toppane. Syvde IL har trimpost på Myrkevasstinden, Blæja, Lisjeblæja og Sandfjelltua. GPS fila til turen viser 23km og 2100 hm, det er frå parkeringsplassen ved Bruvatnet, vegen hit vert vanlegvis åpna til påske, før påske og ved mykje snø må du parkere og gå frå parkeringsplassen i Nordalen, då vert turen 27,5 km og 2400 hm. Uti mai kan du vere så heldig at vegen er åpen heilt fram til Kvanndalsvatnet, då vert turen 20 km og 1950 hm. Sjå også skituren Sandfjelltua.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar fremst i Nordalen, dersom fjellvegen ikkje er åpen må du starte på parkeringsplassen i Nordalen og gå fjellvegen fram til Kvanndalsvatnet, dersom vegen er åpen køyrer du so langt du kjem deg og startar turen der. Frå demninga går du på vestsida av Kvanndalsvatnet, gå ikkje over vatnet då det er regulert slik at der kan vere store sprekker i isen langs kantane, ver også oppmerksom på snøskredfare frå området rundt Kvanndalstinden. Når du kjem fram til dei to bygningane på sørsida av vatnet tek du mot søraust og skråar opp sida mot Kvanndalsegga og kjem opp austafor Mannen, følg så ryggen sørvestover forbi Mannen, når du har passert Mannen går du ned i sørsida og rundar mot sør og kjem opp på søraustsida av Myrkevasstinden, her kan vere ein stor skavl som kan vere vanskeleg å passere, når du kjem opp på topp-platået har du Myrkevasstinden midt på platået, du har også ein lavare tind mot nordaust på same platået, det er Kvanndalstinden 1110 moh, den er ikkje med i turen då den ligg på same platået som Myrkevasstinden. Frå Myrkevasstinden renn du ned mot vest/nordvest og går opp på Blæjeskardstinden, frå Blæjeskardstinden renn du tilbake til lavaste punktet mellom Blæjeskardstinden og Myrkevasstinden og renn sørvestover ned til Blæjeskardet og går sørvestover og rundar rundt Blæja og kjem opp på Blæja frå sørsida. Frå Blæja renn du same vegen tilbake til Blæjeskardet der du svingar mot nord og renn ned til Blæjevatnet, på toppen av Blæjeskardet ligg der ofte ein stor skavl som kan vere vanskeleg å passere, i Blæjeskardet er der også rasfare både frå Blæja og frå Blæjeskardstinden. Når du er komen ned til Blæjevatnet er det sikrast å gå beint over vatnet dersom isen er trygg, er du ikkje sikker på isen, gå på austsida av vatnet, men her også kan det kome snø og steinras, på vestsida av vatnet kan det rase både frå Blæja, Lisjeblæja og fjellryggen imellom. På nordenden av vatnet ligg Blæjevassbu, den er åpen heile året. Frå Blæjevassbu går du rett mot vest til du kjem opp på kanten og ser Brillevatnet nedi Vaspesdalen, då svingar du mot sør og skråar opp sida og kjem opp på lavaste punktet mellom Lisjeblæja og ein topp merka med 924 m på kartet. Derifrå går du mot nordaust opp til toppen på Lisjeblæja. Trimposten står ikkje på høgste toppen men på ein varde på nordvestenden av egga. Frå Lisjeblæja renn du same vegen tilbake til Blæjevassbu. Når du er komen til Blæjevassbu er det berre å gå mot aust, då har du 300 hm til toppen av Sandfjelltua, sida har ei helling på 32 grader so det kan vere ein fordel å spare litt krefter til denne siste store oppoverbakken. Det er best å kome opp på det lavaste punktet mellom Sangfjelltua og Sandfjellegga. Oppe på Sandfjelltua har du 300 hm med ei helling på 28 grader ned til Sandfjelldalen, vel nede i Sandfjelldalen går du over lavaste partiet og renn ned forbi Skoravatnet, du kan sjølv bestemme kva side av vatnet du vil renne på, frå Skoravatnet renn du ned til fjellvegen og renn den ned til bilen. Det er også mogleg å starte turen på Røfsdalssætra og kome inn på turen ved Blæjevassbu. Sjå fotturen Sandfjellegga via Blæjevatnet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr fv 652 til Syvde, ta av til Nordal på nordaustsida av sentrum, køyr så langt fram i Nordalen som vegen er åpen.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass fremst i Nordalen, eventuelt parkeringsplassar ved fjellvegen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 23
Total lengde rundtur (km) 23
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 440 32
Bratteste helning ned 250 30
Total stigning 2100 Høydemeter

Mobildekning

Dårleg, kan vere dekning på toppane

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Der er fare for snøras på vestsida av Kvanndalsvatnet frå Kvanndalstinden og fjella rundt den, fare for snøras i Blæjeskardet og på aust, sør og vestsida av Blæjevatnet frå Blæjeskardstinden, Blæja, Lisjeblæja og tinderekka mellom dei to sistnemnde. Der er ofte store utoverhengande skavlar på Myrkevasstinden, mellom Myrkevasstinden og Blæjeskardstinden, på Blæjeskardstinden, på Blæja og på Lisjeblæja.

Kart

På tur i Vanylven, M711 1119 II, Sunnmorskart.no