Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Aasentunet - Høgetua - Hovdevatnet

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Total lengde rundtur (km)

2,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Stien startar ved utescena
Flott ved Hovdevatnet
Godt brukat sti i skogen
Hyggestund med bok på Høgetua

Aasentunet - Høgetua - Hovdevatnet

Fotograf: RuBA

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein lett tur bak Aasentunet i Hovdebygda. Her er eit nettverk av stiar som egnar seg både til rolege turar og treningsturar. Nokre syklar her også. Denne runda er ei kort runde på knapt ein time i roleg tempo. På Høgetua har Aasentunet plassert ut bokkasser med barnebøker så her kan du sette deg på benken og lese ei bok medan du nyt utsikta. Frå Aasentunet og opp til Høgetua er det natursti. Turen er variert, du går både inni skog, langs vatnet og du har godt utsyn frå Høgetua.

Kvar i terrenget går turen?

Stien startar ved eit stabbur ved utescena i Aasentunet Sjå etter skilt til Høgetua. Gå opp bakken og gå til venstre når du kjem til stikryss. Følg denne stien til Høgetua. Frå Høgetua fyl du stien vidare til du kjem til eit stikryss med mange skilt. Følg skilting til Hovdevatnet. Når du kjem ned til vatnet, fyl du vasskanten til du kjem til ein sti som går opp i skogen. Her er skilta Åsen/Indrehovdeåsen. Stien går oppover i ein granskog. Etterkvart kjem du opp til ein grusveg. Gå denne omlag 200 m til du kjem til ein sti. Fyl skilting Høgetua og etterkvart kjem du til stien som går ned att til Aasentunet. Det er skilta.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Mellom Ørsta og Volda på E39 tek du av til Ivar Aasentunet. Parker på parkeringsplassen ved Indrehovdevegen

Kvar kan du parkere?

Ivar Aassen-tunet sin parkeringsplass ved Indrehovdevegen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,2
God sti 2,5
Total lengde rundtur (km) 2,7
Stigning meter grader
Total stigning 116 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Volda og Ørsta http://www.frammr.mo. Det går også fint å sykle.

Kart

Sunnmørsalpane