Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Hareid

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

(bilde kan ettersendast, kva adresse skal eg bruke?) Det same gjeld GPS-fil

Alskleiva

Fotograf: Marit Kvammen

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein tur på grusveg der opplevinga først og fremst er eit flott utsyn når ein har gått halvveges og er oppe på toppen av Alskleiva, mot fjorden og Vartdalsfjella i søraust og Snipsøyrvatnet og Hareidsdalen i nord. Turen går i variert lauvskog, med stor planterikdom, særleg i den varme sørhellinga.
Frå toppen er der turstiar i terrenget til fine fjellområde både mot sør og nord.
Vegen er omlag hundre år gammal, og er forsynt med skilt som fortel om korleis vegen vart brukt i gamle dagar.

Kvar i terrenget går turen?

Turen går på grusveg og har ingen vanskelege parti. På toppen av Kleiva der terrenget flatar ut, finn ein lett utsiktspunkt, leirplass og stiar vidare ved skilting.

Kulturminne

Merke etter torvløe og stiar som brukarane av vegen laga seg for å korte strekninga Alme-Snipsøyrdalen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Du kan starte anten på Alme eller i motsett ende, Kvammen. Til Alme er det !5 km biltur frå Hareid sentrum via Hjørungavåg. Til Kvammen køyrer du først 4 km frå Hareid mot Ulstein, tek så av ved skilt "Kvammen" og køyrer 7 km.

Kvar endar turen?

Turmålet er toppen av Alskleiva, men den kan nåast frå to kantar, Alme og Kvammen. Ein kan gå turen frå eine startpunktet og til det andre, og tilbake same vegen. Eller berre opp til toppen og nedatt på same sida.

Kvar kan du parkere?

På Kvammensida er der ein liten parkeringsplass der turen startar, elles parkering ved vegkant.
På Almesida parkering ved vegkant og på delvis privat parkeringaplass. Dersom ein nyttar privat parkeringsplass, må ein sørgje for å få godkjennig av grunneigar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 2
God sti 1
Lengde tur/retur (km) 3
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 300 5
Bratteste helning ned 500 5
Total stigning 120 m Høydemeter

Offentlig transport

Ingen offentleg transport

Kart

Ålesund, Blad 119 I, M711