Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Amtlia om Solligjerdet

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

6,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot sentrum i Surnadal og Trollheimen.
Haust på Amtlia.
Utsikt frå Amtlihammaren.

Amtlia om Solligjerdet

Fotograf: Anne Grete Bæverfjord og Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Du kan gå til Amtlia i Bæverfjord frå fleire ulike utgangspunkt. Mange startar ved Bæverfjordsaga og går om Bæverfjordsetrene, andre vel å starte i steinbrotet rett ovanfor Bæverfjord oppvekstsenter og gå om Solligjerdet. Mange har også oppdaga at trekanten Steinbrotet- Amtlia- Saga er ein flott rundtur, og da får ein med seg begge traseane framfor på ein og same tur. Her vil vi beskrive turen med utgangspunkt i steinbrotet og forutsett at returen går etter same trase som turen opp. Frå varden på toppen av Amtlia kan du sjå ned på Bæverfjordsetrene. Det er også flott utsikt både utover og innover i retning Surnadal og Trollheimen.

Kvar i terrenget går turen?

Køyr til Bæverfjord og ta av oppover Bøverdalen. Eit par hundre meter etter at du har passert Bæverfjord oppvekstsenter, ligg det eit steinbrot på øversida av vegen. Herifrå går du oppover lia etter skogsvegen. Ganske raskt skimtar du gapahuken til skuleungane i grenda. Eit par hundre meter lenger opp deler vegen seg, Sving til venstre og fortsett oppover i retning ut fjorden. Du kjem snart inn i eit granfelt, og når vegen deler seg på nytt, svingar du oppover til høgre. Gå til enden av skogsvegen. Der går du rett opp nokre få meter til du ser stien som fører deg vidare innover igjen og oppover mot Solligjerdet. Under hallaren på Solligjerdet har Bæverfjord i.l. trimpost. Her kan du også sjå spor etter bygningane som stod her da plassen var bebygd- for fleire hundre år sidan. Fortsett opp mot Amtlia ved å følgje stien vidare forbi steinhallaren. Etter å ha gått over kammen bak Solligjerdet følgjer du den klart markerte Lauvdalen oppover til han endar. Der tek stien av oppover fjellsida. Følgj blå merking til toppen!

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Eit steinbrot eit par hundre meter etter at du har passert Bæverfjord oppvekstsenter.

Kvar endar turen?

Varde på toppen av Amtlia, Bæverfjord.

Kvar kan du parkere?

Når det ikkje er arbeidsaktivitet i steinbrotet, kan du parkere der. Viss ikkje er det god plass til å sette frå seg bilen ved Bæverfjord oppvekstsenter.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 2,2
God sti 2
Dårlig sti 2
Lengde tur/retur (km) 6,2
Stigning meter grader
Total stigning 525 m Høydemeter

Offentlig transport

Fleire ruter frå Nettbuss passerer sentrum i Bæverfjord. Det er muleg å gå av bussen ved Bæverfjord samvirkelag og gå derifra.

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Turen er merka med blå merke frå Solligjerdet og opp til toppen av Amtlia. Ver merksam på at merkinga kan vera vanskeleg å sjå om det er litt snø.

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)