Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Rød

Lengde tur/retur (km)

2,4 km

Lengde en vei (km)

1,2 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Aukra kyststi

Fotograf: Tove Charlotte Æsøy

Kvifor gå denne turen?

Om du vil oppleve kysten og gå på tur nær havet er dette ein fin tur for deg. I starten av stien går ein forbi "Næsja" der båten gjekk over til Rindarøya før moloen kom. Stien snor seg gjennom kystlynghei og etter ei lita stund kjem ein til Sandvika, ei lita perle av ei sandstrand. Her er det nylig fjerna mykje stor sitkagran, så stranda er ikkje til å kjenne att. Frå kyststien er det fin utsikt mot Bjørnsund og Bud. Turen er fin å gå både i ruskever, når båra slår mot land og i finver. På høgsommar kan ein sjå sola gå ned i havet. I området rundt kyststien er det mange gravrøyser. Ein går også forbi ei skytterstilling frå krigen.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved stor parkeringsplass i Årgårdsvika. Følg grusvegen nedover. Når vegen deler seg går du rett fram, ned mot sjøen. Stien svingar mot høgre når du kjem ned. Følg grusa sti til enden, om lag ein km. Det er fleire benkar og benkebord langs vegen.

Kulturminne

Gravrøyser og skyttarstilling.

Tilgjengeleg med rullestol

Ja

Beskriving av tilgjengelegheit for rullestolbrukarar

Kupert sti med en del ujevnheter, men fast grusdekke med forholdsvis god framkommelighet. 10 grader hellning på det meste i enkelte korte bakker, tverrfall på 4 - 6 grader forekommer. Stiens bredde lå på mellom 120 og 160 cm bred. Det er møteplasser underveis.

De bratteste og mest krevende bakkene finner en i starten av turen, så mestrer en disse kommer en seg helt fram til turkassa.

Det er ikke tilrettelagt sti ned på stranden.

Fantastisk utsikt ut mot havet!

Kvar startar turen?

Frå fergekaia på Aukra følgjer du hovudvegen rett fram til Falkhytten. Sving til venstre i krysset, følg skilting til Rindarøya. Etter om lag 8 km skal du kjøyre rett fram i ein skarp venstresving. (Hvis du kjem ned mot moloen til Rindarøya, har du kjøyrt for langt)
Stor parkeringsplass ved start.

Kvar endar turen?

Kyststien endar ved Komedantholmen. Der står det eit benkebord. Du går same trasè tilbake til start.

Kvar kan du parkere?

Det er ein stor parkeringsplass i Årgårdsvika, om lag 200 meter fra starten av turstien.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1,2
Lengde tur/retur (km) 2,4 km
Lengde en vei (km) 1,2 km