Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Aukra

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Her fra skjøtsel av gravrøysa.
På turen kan du oppleve spor fra fortiden.

Aukraskogen

Kvifor gå denne turen?

Bøkeskogen med sine nydelege fargar om hausten er åleine verd turen. Fuglesangen om våren likeså. Å oppleve stilla og roa i skogen med berre sus i trekronene når det bles andre stadar. Kanskje dukkar eit rådyr eller to opp på stien rett ved.
I gapahuken er det bord og benkar for kvile og/eller prat med kjenningar. Eit dikt på veggen markerer gjerne årstida.

Kvar i terrenget går turen?

Turen går på lett skogbotn eller for det meste grusa sti

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Gravrøys med informasjonstavle

Kvar startar turen?

Turen kan ha mange start og slutt punkt. Tek vi utgangspunkt i Aukra fergekai går vi Hansbrauta rett opp til Øvre skogavegen. Tek til høgre og går fram til bebyggelsen, ei slak stigning opp til venstre og vi er i fint skogsterreng. Vi tek til venstre oppe på kneika og går fram til gapahuken med bord og benkar og Stikkut- kasse. Derifrå er det grusa sti til Berghaugane med benkar og utsiktspunkt. Retur same strekninga til gapahuken og svingar vestover i retning Tangen. Merka sti over marker ned Svennbrauta til hovedvegen vidare attende til fergekaia.

Kvar endar turen?

Startsted kan også være ved Aukrahallen

Kvar kan du parkere?

Parkering på fergekaia evt. Aukrahallen

Rute på kart

Underlag Lengde i km

Offentlig transport

Aukra Auto frå Molde til Hollingsholm og ferga over
http://www.aukra.kommune.no

Spesielle forhold

Det fins minner etter 2.verdenskrig fleire stader.
Påskeliljemarka ved kyrkja på vårparten