Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

6 km

Lengde en vei (km)

3 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Aursneset

Fotograf: Annfrid Worren

Kvifor gå denne turen?

Denne turen går gamlevegen rundt Aursneset, i eit fantastisk flott område. Turen passar for dei fleste, inkludert dei med rullestol eller barnevogn. Passar også fint for syklande, også med barn. Ein kjempefin familietur med flott utsikt. Her går ein på grusveg heile vegen, i flott øylandskap. Ein går også forbi Aursnesvatnet, der ein også kan gå rundt om ein ynskjer. Den ture går på sti.

Kvar i terrenget går turen?

Turen går frå Haddal, rett ved starten av Selvågtunellen, og rundt Aursneset til Selvåg på Eiksundsida. Turen går på grusveg heile vegen, den gamle vegen frå Haddal til Eiksund før Selvågtunellen kom. Det er nokre holer i vegen, og nokre stigningar og krappe svingar. Ein følger grusvegen heile vegen, og skal ikkje ta av frå denne. Turkassa er plassert ved Aursnesskogen, ca 200 m etter siste bebyggelsen på Aursneset, på oppsida av vegen. Her startar også råsa til "Nissevegen" eller Haddalshornet, som ein også kan forlenge turen med om ein vil. Nissevegen er ei rundløype som går på sti gjennom skog og på berg, og kjem ned i Britahaugen i Eiksund, og deretter går på gangveg tilbake til start. Fin forlengelse av turen dersom ein ynskjer å gå lenger. Nissevegen passar ikkje for rullestol og barnevogn, men ein kan også gå vidare på grusveg/gangveg heilt til Eiksund om ein ynskjer det.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). Like etter Selvågtunnellen tek du av til venstre, der du kan parkere.
Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653) og ta av til høgre rett før Selvågtunellen.

Kvar endar turen?

VEd start på råsa til Haddalshornet og Nissevegen ved Aursnesskogen.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved Selvågtunellen, på Haddalssida.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 3
Lengde tur/retur (km) 6 km
Lengde en vei (km) 3 km
Stigning meter grader
Total stigning 50 moh Høydemeter

Offentlig transport

http://www.frammr.no