Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

4,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Turen startar her
Utsikt mot Aurstad camping
Stidele. Her kan du ta til Årsetsætra/Årset
Fint turterreng
Stien går gjennom denne granskogen i starten av turen
Aurstadsætra

Aurstadsætra

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Aurstadsætra ligg idyllisk til, omkransa av alpine fjell. Aurstaddalen ligg omlag 500 m.o.h., er relativt flat med eit fint vatn midt i dalen

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar i enden av parkeringsplassen. Du går på tydeleg og merka sti opp gjennom lauv- og granskog før det flatar ut i vel 250 meters høgde. Når du kjem bort til fossen, går stien oppover langs elva og opp til sætra. Eit idyllisk område. Omlag 450 m.o.h. passerer du eit stidele der du kan gå til Årsetsætra (N62° 05.635' E6° 17.004') og ev. ned att til Årset.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr E39 frå Volda mot Stryn. Like før avkøyringa til Aurstad camping er det ein parkeringsplass på øvste sida av vegen. Her kan du parkere. Turen startar i austenden av parkeringsplassen

Kvar kan du parkere?

God plass til parkering der turen startar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,8
Lengde tur/retur (km) 4,8
Stigning meter grader
Total stigning 455 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Volda og Stryn. Nettside: frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane