Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Aurstadsætra frå Årset

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Start og parkering her
Ta av på sti etter ca 400 m
Skilta til Aurstadsætra
Ved myrområdet tek du svakt til venstre
Fin utsikt inn Austefjorden
Aurstadsætra

Aurstadsætra frå Årset

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Fin variert tur til Aurstadsætra. Du går gjennom furuskog og blåbærmark store delar av turen.

Kvar i terrenget går turen?

Start frå gamle Årset skule. Det er skilta StikkUt!, og mot Aurstad- og Årsetsætra. Du går først på sti gjennom skogen. Så kjem du inn på ein attgrodd skogsveg. Etter ca 400 m (N62° 05.234' E6° 15.611') skal du ta av på sti opp til venstre. Sjå etter skilt. Stien er tydeleg opp gjennom skogen. Nokså bratt, men nokre slakare parti innimellom. Like før Lisjesætra er det eit stidele. Dersom du går via Lisjesætra, går stien derifrå på høgre side av murane og gjennom skogen. Hald rett austover til du kjem til den andre stien. I denne turomtalen er begge turvala logga.Tek du snarvegen, er det nokre våte parti og litt utydeleg sti før du igjen kjem inn på god sti. Følg stien vidare. Du kjem til stidele Aurstad-/Årsetsætra i 400 meters høgde. Følg skilting mot Aurstadsætra. Det er nokså flatt herifrå vidare til du møter stien frå Aurstad som du skal følge vidare til Aurstadsætra.
Stien frå stidele Aurstad-/Årsetsætra er tydeleg i starten. Når du kjem til ei slette/myrområde, vert stien meir og mindre utydeleg vidare. Stien går skrått opp til venstre når du kjem til sletta/myrområdet (sjå bilete). Vidare går den over ein del myrlendte område og etterkvart over ei bru. Når du møter stien frå Aurstad (N62° 05.635' E6° 17.004'), følger du denne vidare. Denne stien er tydeleg. Du kjem opp på ei høgde der du ser bort mot Aurstadsætra. Ta svakt til høgre. Sjå etter små vardar som markerer kvar du skal gå. Då finn du stien bort til sætra. Ved stor vassføring/snøsmelting kan det vere nokså vått siste biten bort til sætra.

Kulturminne

Valborg Hustadnes har skrive bøker om "Sætreliv i Voldafjell" der ho m.a. skriv om Aurstadsætra.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda på E39 retning mot Stryn: Like før Årsettunnelen tek du av til Årset. Følg vegen til du kjem til skilt Nye gamleskulvegen. Like etter at du har tatt av her, ser du gamle Årset skule. Her startar turen

Kvar kan du parkere?

God plass til parkering ved gamle Årset skule

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,6
God sti 4,2
Dårlig sti 1,2
Lengde tur/retur (km) 6
Stigning meter grader
Total stigning 425 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Volda og Stryn til der du tek av til Årset
http://frammr.no/

Spesielle forhold

Om du vil, kan du gå opp frå Årset og ned att til Aurstad. Det er ca 2 km tilbake til Årset.

Kart

Sunnmørsalpane