Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Ausekaret 1202 m.o.h.

Om turen

Gradering

Kommune

Sykkylven

Type tur

Skitur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

7

Lengde en vei (km)

3,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot Orreneset og Fausa.
Oppstigning frå Fausaskifte
Utsikt mot Fjellsetra
Toppen på Ausekaret

Ausekaret 1202 m.o.h.

Kvifor gå denne turen?

Ausekaret er eit særs populært turmål på vinterstid, men egnar seg også som fottur om sommaren. Ausekaret har fått sitt namn fordi det minner om eit avrunda auskar. Oppstiginga er enkel og grei.
Frå toppen av Auskaret kan du også gå nedover i vestleg retning til Sauskaret og følgje ryggen vidare til Aurdalsnibba. Dette er ein fin overgangstur.

Kvar i terrenget går turen?

A. Frå Fausa- skifte. 340 m.o.h
Desimalgrader
Breddegrad: 62.35975
Lengdegrad: 6.82168
Fausaskifte ligg like ved nordaustenden av Nysetervatnet. Første del går opp gjennom slakt skogsterreng til høgre ( nord ) for Revnakken. Ovanfor tregrensa passerer du ein kolle med steinvarde. Herifrå er det bratt oppstigning som endar ved nokre markerte steinar ( ca 900 m.o.h.). Her flatar terrenget ut. Den siste stigninga mot toppen er enkel ,men det lønner seg å halde litt til venstre.

B. Frå Revsdalselva / Nysetra. ( 400 m.o.h. )
Desimalgrader
Breddegrad: 62.35063
Lengdegrad: 6.79417

Første del fører gjennom skogkledd terreng mot Nyseterdalen( Revsdalen). Etter 300-400 meter dreier du til høgre og tek sikte på eit markert søkk som fører opp til Revnakken .Også Kraftlinja går opp her. Frå Revenakken kjem du raskt over mot same rute som er skissert under A. Alternativ kan du gå opp langs kanten lenger til venstre , forbi ein del hamrar og knausar. Dette er meir variert og gir vidare utsyn mort vest
Toppen:
Geografiske koordinater Desimalgrader
Breddegrad: 62.37778
Lengdegrad: 6.77302

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Du køyrer frå Sykkylven sentrum mot Stranda og tek av ved Fjellseterskifte mot Fausa og Orreneset. Du kan også kome frå Standa og ta av Fjelleseterskifte før Drotninghaug i Sykkylven kommune. Du kjem inn til Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter , men du held fram vidare på grusvegen. Nysetra er ca 4,5 km frå Fjellseterskifte og Fausaskifte er ca 6 km.

Kvar kan du parkere?

Det er ikkje parkeringsavgift ved Fausaskifte eller Nysetra. Ved Fausaskifte er det parkeringsplass, men på store utferdsdagar kan det vere fult. Alternativet er då å parkere langs vegen på dei plassane det gå utan å stenge for trafikken. Ved Nysetra kan du parkere langsvegen. Ver observant på at det er ein del private parekingsplassar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 7 km
Lengde tur/retur (km) 7
Lengde en vei (km) 3,5
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 500 25
Bratteste helning ned 500 25
Total stigning 860 / 800 m.o.h. Høydemeter

Offentlig transport

Det er ikkje mogleg å kome seg til Fausaskifte eller Nysetra utan privat bil / eigen transport. Det går buss til Fjellseterskifte ( Fjord 1) http://www.fjord1.no
Ålesund - Stryn t/r, men det er ca 6 km å gå inn til Fausaskifte og 4,5 km til Nysetra.

Mobildekning

Dårleg dekking på Telenor. Men det er enkelt små områder det er bra dekning.

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

I den brattaste delen av terrenget kan det vere rasfare, dersom det er skredfare i elles i området.

Kart

Turkart Sykkylven kommune og M 711 Stranda blad 1219 I