Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Skitur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde en vei (km)

1,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Fra toppen av skiheisen

Auskjeret

Kvifor gå denne turen?

Frå Auskjeret har du eit flott utsyn mot fjell og fjordar. Du ser godt i retning Vestnes og Romsdalsfjorden. Eit senterfjell. Passerer kulturminne/sæter ved eine vegvalet.

Kvar i terrenget går turen?

Grøn løype på bilde:
Du kan ta T-trekket ved Stordal Alpinsenter opp til endestasjonen 800 m.o.h.(32 V 406492 6921050). Derifrå går du rundt 200m i nordvestleg retning, og vidare rundt 400m mot sørvest.

Derifrå er retninga vest mot Sandfjellet 1220 m.o.h (32 V 405205 6920821). Derifrå til toppen av Auskjeret 1340 m.o.h (32 V 405226 6921467 )er retninga nord. Særleg første stykket av denne oppstiginga er bratt. Det vil oftast lønne seg å gå med fellar.

Dersom du ikkje ønskjer å gå så bratt, kan du gå frå endestasjonen i sørvestleg retning under Sandfjellet mot Storsteinen 880 m.o.h. (32 V 405237 6920069). 200-300 m før du kjem dit, kan du svinge til nordvestleg retning mot Sandfjellet og vidare til toppen av Auskjeret. Auskjeret har ingen godt markert topp. Går du for langt til høgre, er faren hengeskavlar. Til venstre blir det fort bratt nedover mot Jøsvollbotnen.

Raud løype på bilde:
Eit flott alternativt er å gå frå Almås (gamleskulen) opp gjennom hyttefeltet til Almåssætra. Vidare nordvest mot Storsteinen. Her kjem ein inn på samme trasé som nemt tidlegare.

Kulturminne

Almåssætra

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar ved Overøye eller ved Almås i Stordal.

Kvar kan du parkere?

Almås skule eller Overøye. Parkeringsavgift på Overøye, kr. 50,- (automat).

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Preparerte løyper 0
Ikke preparerte løyper 1,5
Lengde en vei (km) 1,5
Stigning meter grader
Total stigning 1000 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Nei

Kart

Turkart Ørskogfjellet