Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Austelidheida/Heida frå Jetmundleitet/Kvilehytta, rute 62

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

3,4

Lengde en vei (km)

1,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsyn frå stien opp til Heida.
Utsikt mot øst.
Flott utsikt mot Åheim og ut Vanylvsfjorden.
Flyfoto  viser kvar turen går.

Austelidheida/Heida frå Jetmundleitet/Kvilehytta, rute 62

Fotograf: John Willy Klungre/Oddvar Strand, Steinar Slagnes, Odd Westerås

Kvifor gå denne turen?

På kartet er toppen kalla Austelidheida, men lokalt blir den kalla berre Heida.
God stigning frå Jetmundleitet og opp til eit flott utsiktspunkt. Nydelig utsikt over Åheim og ut Vanylvsfjorden. Mange går turen frå Beksle, opp til Bekslehornet (sjå beskrivelse under), ryggen mot Heida og ned igjen til Jetmundleitet.

http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Bekslehornet-rute-62

Ta gjerne ein avstikkar til Jetmundsteinen på andre sida av Fv 61. Ein kan parkere ved Kvilehytta der ein kan avslutte turen med god mat og drikke.

Kvar i terrenget går turen?

Ruta startar ved Jetmundleitet, 100 m etter den knappe svingen når ein kjem frå Åheim og har passert Kvilehytta. Det er skilta ved rutestart. Ruta er merka. Ein går først på steinbru over elva. Dreier litt mot venstre der stigninga startar. Kjem straks opp på eit lite platå som ein passerer før ein går rett opp omlag 50 m. Dreier deretter mot høgre (sørover) og går langs ein liten rygg ca. 300 m. Svinger så rett opp og dreier etter kvart til venstre før ein går opp ryggen og følger denne opp på toppen. Retur samme veg. Alternativt kan ein gå mot Bekslehornet.

Kulturminne

Jetmundsteinen

St. Jetmund Steinen

Fakta og teknisk beskriving
Ei gamal segn fortel at den engelske helgenen St. Edmund grunnla den første kyrkja på Åheim. Han kom reisande frå Nordfjord og gjekk over Maurstadeidet. Då han kom fram til den staden som framleis blir kalla Jetmundleitet og såg den vakre Åheimsbygda, bestemte han seg for at der nede skulle kyrkja liggje. Han la seg til å sove på ein stein, som i ettertid har fått namnet Jetmundsteinen. På den tida var det skikk at den som skulle byggje, først måte sove der bygget skulle stå. Vart det ein roleg søvn, varsla det hell i arbeidet. Edmund hadde ein roleg søvn, og gjekk straks i gong med arbeidet og fekk reist kyrkja. Han vart difor gjort til helgen for kyrkja.
Andre opplysningar
St. Jetmund steinen ligger rett over Kvilehytta på Åheim.

http://kulturminneatlas.avinet.no/object/dbarticle_preview.aspx?id=213

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ruta startar ved Jetmundleitet. Frå krysset i Åheim sentrum køyrer ein sørover på Fv 61 mot Måløy, opp svingane mot Maurstadeidet. 2,7 km etter krysset kjem ein til Kvilehytta. Her er det gratis og god parkering og ein kan få seg god mat og drikke etter turen. Frå Kvilehytta går ein Fv 61 vidare 300 m og finn rutestart på venstre side 100 m etter den knappe svingen.

Kvar kan du parkere?

Gratis og god parkering ved Kvilehytta. Kombiner gjerne turen med ein god middag. Kvilehytta er kjent for sin gode mat. Ved Kvilehytta er det også hytter for overnatting.
Det er også plass til ein bil ved rutestart.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 1,4
Dårlig sti 2,0
Lengde tur/retur (km) 3,4
Lengde en vei (km) 1,7
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 130 26
Bratteste helning ned 130 26
Total stigning 447 Høydemeter

Mobildekning

Litt dårlig i starten, bedre oppover.

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven