Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Framme ved Bæverfjordsetra.
Det er fleire eldre bygningar på seterstølen.
Det er lagt kavl i mange av dei blautaste partia på seterstien.
Brusande vatn ved Skvetta.

Bæverfjordsetra

Fotograf: Dei tre første: Lars Bæverfjord sn, det 4.: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Bæverfjordsetra er eit flott turmål både sommar og vinter. På barmark kan du gå dit med jogge- eller fjellsko, og på vinters tid kan du bruke trugar. Det er ganske bratt den første delen av turen, opp til Skvetta, der inntaksdammen til småkraftverket nede i lia ligg. Her er det også i periodar med mykje overvatn er ein flott foss. Frå Skvetta og innover til setervollen er det berre svak stigning og småkupert. På Bæverfjordsetra ventar ein flott setervoll med fleire gamle seterhus. Her kan du raste i idylliske omgjevnader. I kilometer er ikkje dette ein lang tur. Den eignar seg godt til ein søndagstur med familien der ein tek seg god tid opp lia. På ei anna side er det her såpass bratt at du kan få ei beinhard treningsøkt om du ønskjer det. Du kan uansett kvittere for vel gjennomført tur i trimboka til idrettslaget ved Torestuskjelet!

Kvar i terrenget går turen?

Ta av frå riksvegen i krysset i sentrum av Bæverfjord og køyr eit par kilometer oppover Bøverdalen. Ta av til venstre inn på ein grusveg som skrår seg vidare oppover og framover. Køyr eit par hundre meter. På venstre side går det da opp ein skogsveg. Her er det eit par parkeringsplassar der du kan sette frå deg bilen. Herifrå følgjer du skogsvegen oppover. Det er jamt bratt, men fleire plassar er det muleg å velje ein slakare, men litt lengre trase. Dersom du held deg til skogsvegen og seinare stien, endar du opp på Bæverfjordsetra.

Kulturminne

Setervoll med fleire gamle seterbygningar.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Saga, Bæverfjord

Kvar endar turen?

Bæverfjordsetra

Kvar kan du parkere?

Ved startpunktet der skogsvegen startar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 2 km
God sti 2 km
Lengde tur/retur (km) 4 km
Stigning meter grader
Total stigning 320 m Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

• Bæverfjord i.l. har trimpost ved Bæverfjordsetra.
• Lia er såpass bratt at det verken eignar seg å gå opp eller renne ned på ski. Alternativt kan du bera skia opp til Skvetta og bruke dei derifrå.

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)