Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

5 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå toppen av Steinabakken er det rimeleg flatt heilt inn til Baklisetra.
Ta ein rast under den store bjørka på setervollen
Utsikt utover fjorden frå Steinabakken.

Baklisetra

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Setervollen på Baklisetra er det perfekte turmålet for den første skogsturen med ungane. Turen er kort, og det er ikkje meir stigning enn at også unge og uvante turgåarar greitt skal kunne nå målet. Det er fleire små bekkar å leike rundt undervegs og på sjølve setervollen er det enno både tufter og såpass ope at det er muleg å sjå for seg korleis det var på setra medan den var i bruk. I tillegg er turen til Baklisetra godt eigna til ein trimtur på kveldstid. Turen er ikkje lenger enn at det frå sentrum av Bæverfjord er unødvendig å bruke bil.

Kvar i terrenget går turen?

Ta av frå riksvegen og inn på Trøvegen, ca 200 meter frå Småøyan camping i retning Surnadal. Ta til høgre der vegen deler seg etter eit par hundre meter, køyr forbi nokre hus og opp bakken. På toppen av bakken kan du parkere på øver- eller nersida av vegen ved fjøset som ligg på vegkanten. Rett ovanfor fjøset skrår ein skogsveg seg opp lia. Følg vegen først oppover til Steinabakken. Der skrittar du over den vesle bekken og skrår mot høgre, utover fjorden. Følg vegen og seinare den markerte stien fram mot Baklisetra.

Kulturminne

Setervollen på Baklisetra er enno open og tuftene etter fleire bygningar er synlege.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Geilen, Bæverfjord

Kvar endar turen?

Baklisetra

Kvar kan du parkere?

Ved Geilen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 4
God sti 1
Lengde tur/retur (km) 5 km
Stigning meter grader
Total stigning 130 Høydemeter

Offentlig transport

Det går bussar frå Nettbuss forbi krysset til Trøvegen, og det er også busstopp like ved. Det kan likevel bli ei utfordring å finne bussavgangar som passar til ein såpass kort tur.

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Det er muleg å forlenge turen. Viss du fortsett forbi setra og vidare utover fjorden, kjem du til Hamnes. Du kjem ned til sjøen ved Furuneset. Her finn du ein flott bade- og campeplass.

Kart

Fjordruta