Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

Omlag 2 km tur-retur

Skriv ut Kjørebeskrivelse
Bedringens veg langs Valldøla

Bedringens veg

Kvifor gå denne turen?

Ein enkel tur på nordsida av elva Valldøla like ved Valldal sentrum. Turen er svært lett og passar for alle, både funksjonsfriske og funksjonshemma, unge og eldre. Godt og stødig underlag i form av grus. Breidde på trasèen er 1 - 1,5 meter.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar i Valldal sentrum. Passèr over brua, Muri bru, som kryssar elva Valldøla til nordsida av elva. Med ein gong brua er passert hald til høgre langs elva på asfaltert plass ved større fabrikkbygning. Etter omlag 100 meter, ved skogkanten er Bedringens veg. Følg denne til neste bru over elva, Muribø bru. Her endar Bedringens veg. Ta same rute tilbake. Det er ingen vanskelege eller farlege parti undervegs.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Turen startar i Valldal setrum. Dit kan ein køyre med privat bil eller bruke offentleg kommunikasjon. Oversiktleg sentrum. Orienter mot Muri bru som ligg 200 meter vest for Spar-butikken.

Kvar endar turen?

Dette er ein "tur-retur" tur. Turen går på nordsida av elva Valldøla frå Muri bru til Muribø bru.
Turen kan gå vidare frå Muribø bru men det vert på offentleg veg og asfalt.

Kvar kan du parkere?

Parkering på offentleg parkeringsplass ved servicebygg ved Valldal hamn. Turistinformasjon - Berit's gategrill i bygget. Ingen avgift

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Fast grus 1,8
Lengde tur/retur (km) Omlag 2 km tur-retur
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 15 5
Bratteste helning ned 15 5
Total stigning 10 Høydemeter

Offentlig transport

Buss:
Ålesund - Valldal sentrum.
Åndalsnes - Valldal sentrum (sommarrute)
Ferge:
Turistferge Geiranger - Valldal (sommarrute)
Sjekk rutetider på http://www.fjord1.no

Spesielle forhold

Turen er godt egna for personar i rullestol. Også muleg for personar avhengig av krykker, rulator, o.l.
Kan også brukast om vinteren, men er mindre tilgjengeleg ved større snøfall. Vert ikkje brøyta.

Kart

Turstiar i Norddal kommune