Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Bekslehornet-Austelidheida/Heida, rute 62

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

12

Lengde en vei (km)

6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Uttrykk for turglede på vei mot Heida.
”Port” med utsikt nær Heida.
Utsikt frå Heida. Vanylvsfjorden dekka av tåkedyne.
Idyll mellom Bekslehornet og Heida.

Bekslehornet-Austelidheida/Heida, rute 62

Fotograf: Odd Westerås

Kvifor gå denne turen?

Om ein køyrer Fv 61 over Maurstadeidet frå Åheim mot Nordfjord ser ein øst for seg ein rygg som går langs Bekslevatnet og Vaulvatnet. På andre sida av ryggen ligg Sunndalen. Å gå langs denne ryggen mellom Bekslehornet og Austelidheida, eller Heida som den blir kalt lokalt, er ein flott tur med 360° panoramautsikt mykje av ruta langs ryggen. På fine sommardagar har ein sol her til langt på kveld. Det er også mulig å få med seg solnedgang i havet ut Vanylvsfjorden. På dagar med lav skodde inn Vanylvsfjorden kan ein her komme over skodda og nyte sola. Turen kan gås både frå Beksle og Jetmundleitet ovanfor Kvilehytta, men her blir turen beskrevet med start frå Beksle og avslutning ved Jetmundleitet. Det er da ein fordel med to bilar eller å bruke sykkel. Heile ruta er merka. Ein kan sjøvsagt også gå same vegen attende frå Heida mot Beksle. Det er skilta og merka ein snarveg for dette. Turen startar på Bekslesætra som ligg mellom Bekslevatnet og Juvatnet nær grensa til Sogn og Fjordane. På Beksle var det sæter-/støylsdrift i eldre tider. Det var også møteplass for folk frå Sunnmøre og Nordfjord.
Frå Heida går ein ned til Jetmundleitet. Ta gjerne ein avstikkar til Jetmundsteinen på andre sida av Fv 61. Ein kan parkere ved Kvilehytta der ein kan avslutte turen med god mat og drikke.
Bekslevatnet, Vaulvatnet og Juvatnet er gode fiskevatn. Flott utsikt frå Bekslehornet. Frå Heida er det nydelig utsikt over Åheim og ut Vanylvsfjorden.

Kvar i terrenget går turen?

Ruta startar frå Beksle, som ligg ved Fv 61 mellom Åheim og Bryggja/Maurstad. Frå parkeringa går ein grusvegen austover. Der stigninga startar er det skilt som viser retninga. Det er godt synlig sti og ruta er godt merka. Ein går ryggen oppover og det er lett å finne fram. Eit par hundre meter før Bekslehornet kjem ein til ein stein (ca. 1,4 km frå start) der det er skilta vidare. Her tek ein til høgre og går rett opp mot topp-punktet. Sjå også turbeskrivelse:
http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Bekslehornet-rute-62
Frå Bekslehornet går ein nordover. Retninga er skilta og stien merka. Ruta går over Smalenyken, med toppunkt 600-700 m frå Bekslehornet. Her er det eit par plassar med lett småkliving ned. Nede frå Smalenykjen, på lavaste punkt før neste stigning (300-400 m frå toppen av Smalenykjen), er det skilta ein snarveg ein kan gå dersom ein går same rute tilbake frå Heida mot Beksle. Etter ca. 200 m i lett stigning kjem ein opp til eit lite vatn. Vidare går ein berre langs ryggen. Etter nye 400-500 m passerer ein høgste punkt på ruta. Her er det satt opp varde. Denne varden står omlag halveis mellom Bekslehornet og Heida. Deretter er det lett vandring langs ryggen mot Heida. Knapt 500 m før Heida ligg ein naturlig «port» i terrenget med flott utsikt vestover. Mellom Bekslehornet og Heida er det omlag 3 km.
Frå Heida er det ca. 1,7 km ned til Fv 61 ved Jetmundleitet. Her må ein passe på å følge merka rute ellers kan det lett bli ulendt terreng. Ein dreier litt mot venstre og går i retning Åheim. Etter 500-600 m dreier ein til venstre igjen. Etter nye 100-200 m dreier ein mot høgre og går rett ned ca. 100 m. Da dreier ein til høgre og går langs ein liten rygg ca. 300 m før ein igjen dreier mot venstre og går rett ned ca. 50 m. Ein er da nede på eit lite platå der ein tar mot venstre, går over platået og ned skogen i same retning mot elva som ein passerer på ei steinbru og er framme på Fv 61 ved Jetmundleitet. Sjå også turbeskrivelse og bilde som viser heile ruta:
http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Austelidheida-Heida-fraa-Jetmundleitet-Kvilehytta-rute-62

Mange velger å gå samme veg tilbake frå Heida mot Beksle. Da tar ein av på lavaste punkt mellom Smalenykjen og eit lite vatn ein passerer. Denne snarvegen tar av frå ruta i rett vestleg retning. Etter ca. 70 m dreier ein mot sør. Etter ca. 700 m i sørlig retning kjem ein inn på ruta mellom Beksle og Bekslehornet ved den store steinen der det er skilta.

Kulturminne

Beksle:

På Beksle står fortsatt sel og rester etter sel som viser at her var støylsdrift.

Jetmundsteinen

St. Jetmund Steinen

Fakta og teknisk beskriving
Ei gamal segn fortel at den engelske helgenen St. Edmund grunnla den første kyrkja på Åheim. Han kom reisande frå Nordfjord og gjekk over Maurstadeidet. Då han kom fram til den staden som framleis blir kalla Jetmundleitet og såg den vakre Åheimsbygda, bestemte han seg for at der nede skulle kyrkja liggje. Han la seg til å sove på ein stein, som i ettertid har fått namnet Jetmundsteinen. På den tida var det skikk at den som skulle byggje, først måte sove der bygget skulle stå. Vart det ein roleg søvn, varsla det hell i arbeidet. Edmund hadde ein roleg søvn, og gjekk straks i gong med arbeidet og fekk reist kyrkja. Han vart difor gjort til helgen for kyrkja.
Andre opplysningar
St. Jetmund steinen ligger rett ovanfor Kvilehytta på Åheim.
http://kulturminneatlas.avinet.no/object/dbarticle_preview.aspx?id=213

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå krysset på Åheim, køyrer ein over brua mot Måløy på Fv 61 over Maurstadeidet. Parkering og rutestart ligg på Beksle mellom Bekslevatnet og Juvatnet, 7,6 km frå krysset på Åheim.

Kvar endar turen?

Jetmundleitet: Frå krysset i Åheim sentrum køyrer ein sørover på Fv 61 mot Måløy, opp svingane mot Maurstadeidet. 2,7 km etter krysset kjem ein til Kvilehytta. Her er det gratis og god parkering og ein kan få seg god mat og drikke etter turen. Frå Kvilehytta går ein Fv 61 vidare 300 m og finn rutestart/ruteslutt på venstre side 100 m etter den knappe svingen.

Kvar kan du parkere?

Gratis og god parkering på Beksle.
Gratis og god parkering også ved Kvilehytta. Kombiner gjerne turen med ein god middag. Kvilehytta er kjent for sin gode mat. Ved Kvilehytta er det også hytter for overnatting.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,1
Traktorveg 0,1
God sti 4,6
Dårlig sti 1,1
Natur 0,1
Lengde tur/retur (km) 12
Lengde en vei (km) 6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 25
Bratteste helning ned 130 26
Total stigning 495 Høydemeter

Mobildekning

Begrensa dekning på Beksle, men den bedrer seg oppover i terrenget. God dekning resten.

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven.